Natur
Gråbein frå Løvebakken til Høgsterett
Norsk ulvepolitikk har nett fått ståkarakter i Høgsterett. Om kort tid skal staten opp til ein ny eksamen.
Etter fleire år i rettssystemet tapte WWF saka mot staten, som vart frikjend for å ha tillate lisensfelling av ulv i 2016–2017 i strid med lova. I slutten av mai møter staten og Noah i Oslo tingrett. Biletet er frå ein demonstrasjon for rovdyr i regi av Noah i 2019. Leiar Siri Martinsen heldt appell.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hugsar du ulvestriden under klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H)? Den politiske konflikten som utspelte seg for fire år sidan, inneheldt fleire av dei mest sentrale punkta i ei rettssak mellom WWF Verdsnaturfondet og staten som gjekk i Høgsterett 5.–9. mars i år. Det kjem vi tilbake til.
WWF stemna staten i november 2017, for å få den vedtekne lisensjakta vinteren 2017–2018 stoppa og erklært ugyldig. Organisasjonen hevda at ulveforvaltninga braut med Grunnlova, naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen. Dermed var det ikkje berre dei konkrete jaktvedtaka dette året som hamna i retten, men bruken av dei viktigaste verktøya i den norske ulveforvaltninga, bestandsmålet og ulvesona.
Årelang rettsstrid
Saka har vore gjennom tre rettsinstansar. Dommane i saka viser at dette ikkje er enkel juss. Staten har fått medhald i to, medan WWF vann fram på eit sentralt punkt i lagmannsretten. Høgsterett frikjende altså staten på alle punkt – politikarane har ikkje brote lova i ulvepolitikken.
WWF har kalla høgsterettsdommen ein naturtragedie. Det juridiske sporet har ikkje ført fram for ulveforkjemparane. Berebjelkane politikarane har vedteke i ulveforvaltninga, vil verte ståande.
Men enno er det ikkje ulven ferdig i domstolane. Den 31. mai startar ei ny sak i Oslo tingrett. Denne gongen er det dyrevernorganisasjonen Noah som har stemna staten for eit lisensjaktvedtak frå 2019. Denne gongen er det også eit nytt prinsipp som vert prøvd. Høgsterettsdommen vurderte lisensfelling av både streifulvar og ulvar som lever i familiegrupper utanfor ulvesona. Det den komande saka i Oslo tingrett vil gjelde, er om det også er i tråd med lova å tillate lisensfelling av ulv innanfor ulvesona.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.