Landbruk

Gladnyhende frå jordbruket

Fleire yngre vel å verte bønder. – Krig og beredskap har bidrege til å gje jordbruket utvida meiningsinnhald, seier bygdesosiolog Bjørn Egil Flø.

For fyrste gong på mange år er snittalderen blant norske bønder på veg ned.
Publisert Sist oppdatert

År for år vert det færre bønder i Noreg. I løpet av dei siste 50 åra har tre av fire gardsbruk rundt om i landet lagt ned drifta.

Utviklinga har halde fram sjølv om mange bønder har fått eit inntektsløft dei siste åra, under den raudgrøne regjeringa. Så seint som i fjor vart det lagt ned om lag eitt aktivt gardsbruk per dag, ifølgje tal frå SSB og Landbruksdirektoratet.

Men no skjer det noko anna som skapar optimisme i landbruket. Fleire unge vel å satse på yrket, og for fyrste gong på mange år er snittalderen blant norske bønder på veg ned.

Tal Bondebladet har fått SSB til å utarbeide, syner at det frå 2022 til 2024 vart heile 1300 fleire bønder under 40 år, noko som inneber at det er unge som no driv rundt 20 prosent av dei 36.790 attverande gardsbruka i landet.

– Auka medvit og status

Bygdesosiolog Bjørn Egil Flø ved Norsk institutt for bioøkonomi, Nibio, seier det ikkje er gjort undersøkingar blant dei nye unge bøndene, og at forskarane førebels ikkje veit sikkert kva som er forklaringa på tilstrøyminga. Men enkeltintervju og kvalitativ informasjon gjev nokre indikasjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement