Glad for lovfesting
Forslaget til ny språklov er godt, men manglar forståing for samanhengar i språkpolitikken, meiner språkprofessor Eli Bjørhusdal.
Tysdag denne veka la kulturminister Abid Raja (V) fram forslag til ny språklov.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
135 år etter stortingsvedtaket om å jamstille bokmål og nynorsk la regjeringa denne veka fram forslag til ny språklov som skal styre den offentlege språkpolitikken. Er det eit godt lovforslag? Vi spør Eli Bjørhusdal, som er professor ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet.
– Ja, det er det, fordi vi får ei lovfesting av ansvaret staten har for norsk, nasjonale minoritetsspråk og teiknspråk. Lovfestinga er i seg sjølv viktig, både på grunn av konsekvensane og som eit teikn på kvar vi står språkpolitisk. I regjeringserklæringa frå 2013 låg det an til ei liberalisering av språkpolitikken. No har vi fått ei språklov frå ei høgreregjering som går langt i retning av språkstyrking og vekk frå det som vart signalisert i 2013.
– Kva er dei viktigaste konsekvensane av lova i praksis?
– Eit viktig nytt prinsipp er den sterke vektlegginga av mindretalsomsyna. Meldingsdelen til lova seier at fordi vi ønskjer å ha mindretalsspråka, som nynorsk, samiske språk og kvensk, betyr det at vi òg må kunne innføre særskilte tiltak for desse språka, også når det går på kostnad av majoritetsspråket bokmål. Det betyr at vi ikkje berre vil verne desse språka, men òg sikre dei. Eg trur det kjem til å få konsekvensar. Her går meldinga i alle fall langt retorisk. Spørsmålet vert kva for reguleringar denne retorikken kokar ned til.
– Mållaget jublar ikkje over lovforslaget. Er det ei god lov for nynorsken?
– Ja. Når lova slår fast at staten har eit særskilt ansvar for nynorsk, og at det kan krevje særlege tiltak, er det å gå lenger enn rein jamstilling og konkurranse på like vilkår. Det betyr at nynorsken skal sikrast ekstra, fordi han er meir utsett enn bokmålet. Samstundes ser eg jo at sikringa av nynorsken i praksis ikkje er teken på alvor når det gjeld regionreforma, til dømes. Der har regjeringa gått vekk frå ideen om å talfeste ein viss bruk av nynorsk i dei nye regionane med bokmålsfleirtal og nynorskmindretal, og det kan resultere i at fleirtalsmålet bokmål vert rådande også i område som før har vore forvalta på nynorsk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.