JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Gjer ny kraft Noreg fornyeleg?

Norsk klimapolitikk går ut på å skaffe meir kraft. Etter denne læra vil vatn og vind til nye turbinar òg dempe bålet av fossil energi monaleg. Denne nedgangen ser vi lite til i statistikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dagens vindturbinar er ofte over 200 meter høge og kan vege 270 tonn. 150–200 dekar går med til kvar av dei, med rundt 800 meter veg i terrenget.  Biletet er frå Egersund.

Foto: Sveinulf Vågene

6672
20190301
6672
20190301

Kommentar, del 2

erik.solheim@enivest.net

Norske utslepp av karbondioksid var i 2017 tre prosent større enn i 1990, sjølv med hundrevis av nye vasskraftverk. Industrien gav i denne perioden frå seg 39 prosent mindre klimagassar. Mellom dei mange kjeldene til vekst står utvinninga av olje og gass i særklasse, opp 78 prosent til 14,7 millionar tonn. Vegtrafikken sleppte ut 8,8 millionar tonn i 2017, opp 22 prosent frå 1990. Trafikken i lufta og på sjøen, i lag med motorreiskapar, har vakse nesten like mykje, til 7 millionar tonn. Tala er frå Statistisk sentralbyrå.

Europa og USA kvitta seg med ein god del utslepp i takt med at store delar av industrien emigrerte frå sine tidlegare heimland til billegare strok. Då utsleppskurvene i vest viste teikn til å flate ut, starta oppgangen i Kina for alvor. Også her til lands set vi stadig meir energi over styr, opp 16 prosent frå 1990 til 2017. Ein del av dette er rein elektrisitet, men vi brenn også meir olje og gass enn før. Teorien om å gjere vasskraft til den sigrande David i kampen mot Goliat, har den praktiske historia imot seg. Også i verda under eitt går utsleppa til atmosfæren opp. Aldri har dei vore større enn i 2018, melde The Guardian i desember, med Global Carbon Budget som kjelde. Alle avtalane og dei klingande ambisjonane om å snu utviklinga har tapt mot den utsleppsdrivande veksten.

Jevons paradoks

Fossil energi var det som gjorde Europa økonomisk rikt. Kolet var den nørande gloa under den industrielle revolusjonen, og oljen dreiv seinare opp tempoet i all slags produksjon, samferdsel og automatisering. I alle parti vart dei styrande fjetra av det nye, det moderne, og det vart vanedannande. For økonomar har tilgangen på naturgode vore eit spørsmål om kjøpekraft, ikkje kva jorda har å gje. Lenge etter at overflodssamfunnet var ein realitet, høyrer vi frå alle kantar i politikken om «behov» for meir, endå dei fleste seier jorda er i stor fare.

Fleire stilte etter kvart spørsmål ved å skaffe seg meir enn rikeleg overflod. Men viljen til vekst heldt stand. Det alle kunne vere samde om, var å effektivisere teknikken, drive som før, men med mindre innsats av energi og andre råstoff. Intuitivt tilseier dette at vi kan spare på naturgoda, utan å utrette mindre. Men så tidleg som i 1865 oppdaga den engelske økonomen William Stanley Jevons at teknologiske endringar som auka effektiviteten av kolenergien, førte til større forbruk av kol. Varene vart billegare, og fleire kunne kjøpe meir av dei. Billegare innsats dreiv opp vekst i økonomien. Kjøpeevna steig. Fenomenet går under namnet Jevons paradoks. Vi ser det tydeleg i biltrafikken. Når ein bil treng færre desiliter drivstoff per mil, køyrer vi fleire mil.

Ustabile alternativ

Alternativ energi kan ikkje nokon stad måle seg med dei fossile kjeldene, ikkje i mengde og heller ikkje i sikker forsyning. Både vind og sol er ustabile leverandørar og åleine lite eigna til å drive eit samfunn som har basert seg på at energien er der akkurat når vi vil ha han. Om Noreg skulle komme til å byggje vindkraftverk som leverer 30–40 TWh (milliardar kilowattimar) i året spreitt rundt om i landet, treng vi eit kraftnett med mykje større kapasitet enn i dag, skal vi tole dei uføreseielege toppane i produksjonen. Dette nettet må straumkjøparane betale, utan å få betre forsyning. Alternativet er, som dei opplever i Tyskland, samanbrot i nettet og mange fleire straumbrot enn før.

Med økonomiske motiv vil regjeringa og kraftselskapa selje kraft gjennom nye kablar til utlandet, ein idé som professor Anders Skonhoft ved NTNU har skrive om i siste nummeret av det vitskaplege tidsskriftet Samfunnsøkonomen. Når Statnett meiner dei er lønsame for samfunnet, hevdar Skonhoft at dei vil innebere ei overføring av 2,6 milliardar kroner frå forbrukarane til kraftselskapa. Han meiner kablane vil utløyse større utbygging av vindkraft, som vil skamfare meir natur og likevel ikkje dempe klimagassutsleppa på kontinentet. Norsk krafteksport kan verte stor nok til å halde Europa med straum éin dag i året.

Potensialet

Noregs vassdrags- og elektrisitetsdirektorat (NVE) har laga nokre overslag som viser det teoretiske potensialet for energi av vatn, vind og sol. Hadde det vore gjennomførleg å utnytte kvart einaste vassfall, kunne norske kraftverk levert 600 TWh. Vindkraftturbinar på alle areal med like mykje vind som dei utbygde verka har, kunne gje 1400 TWh. Frittståande solkraftverk på alt jorddekt areal i landet kunne teoretisk levert 2000 TWh. Men dette er, skriv NVE på sine nettsider, ikkje realistisk, og heller ikkje teknisk eller økonomisk gjennomførleg. Vasskraftverka leverer årleg 135–140 TWh, og nye løyve inneber 5 TWh i tillegg. Stadig fleire av konsesjonssøknadene for småkraftverk har fått avslag fordi NVE meiner det er dårlege prosjekt eller dei har for store konfliktar med andre interesser.

I vinden

Vindturbinane leverte knapt 4 TWh i 2017. Med utgangspunkt i ein effekt på 4 watt per rutemeter og full utnytting i 2800 timar, vil vi få 50 TWh straum frå rundt 5000 kvadratkilometer, eit areal noko større enn Østfold. Talet er usikkert, og kanskje ikkje eingong av teoretisk interesse. Konfliktane med andre verdiar og interesser vil avgjere kor mykje som i praksis er mogeleg å få tak i. Miljødirektoratet og Riksantikvaren har levert innvendingar mot mange av dei områda som NVE har hatt på høyring som grunnlag for ei nasjonal ramme for vindkraft. Til Aftenposten konstaterer konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft at konfliktnivået på dette feltet er stigande.

I 2014 brukte Noreg nesten 100 TWh fossil energi, av 225 TWh i alt. Teorien om at meir fornyeleg kraft vil trengje unna den fossile i ein fri marknad, har ikkje vist overtydande resultat. Ny energi kjem ofte oppå den som er der frå før. Endå vanskelegare vert det når vi stadig gjer meir av slikt som driv utsleppa opp. Vi byggjer nye vegar for fleire bilar i stor fart, vi reiser meir, transporterer fleire varer lenger, riv store bygningar for å reise nye eingongshus og brenn store mengder gass for å få opp litt meir olje. Med ei slik utvikling vert det aldri nok.

Etter Kyoto-avtalen i 1997 har mange forsøkt å dempe utsleppa, men ikkje å senke forbruket av energi. Resultata må vi kalle magre.

Erik Solheim har restaurering
som levebrød og er fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Teorien om at meir fornyeleg kraft vil trengje unna den fossile i ein fri marknad, har ikkje vist overtydande resultat.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis