Kommentar

Gjer det for lett for seg

Ytringsfridomskommisjonen har utdefinert nokre vanskelege problem.

Publisert Sist oppdatert

Rapporten om ytringsfridom som kom denne veka, er velkomen i alle leirar, men løyser han alle problem, i alle leirar? Eg er redd for at det ikkje er tilfellet.

Rapporten er vel mykje oppsedande i tonen. Det er uklårt kven som er adressatar: folk flest, politikarar, juristar? Mottakarmedvitet vekslar, men betrar seg utetter i teksten. Især tykkjer eg det er bra at redsla for internett vert dempa monaleg, dessutan at arkivstellet får sin rettkomne plass – kva skal vi gjere om vi ikkje får tilgang til informasjon i den nye skriftkulturen?

Avgrensing

Det undrar meg likevel at ein avgrensar seg til internett og mediesituasjonen, i staden for også å sjå på rolla til bokbransjen og tidsskrifta, to livsnervar som på aktivt vis produserer nytt stoff og jamt formidlar nytt frå utlandet som mat for tanke og debatt. At informerte ytringar i debattbøker, fagbøker og tidsskrift ikkje er vurderte skikkeleg, ser eg som ein stor mangel. Kunst – helst då biletkunst og sikkert på grunn av karikaturstridane – er heldigvis drøfta interessant.

Sjølve skriftkulturen er lite teken omsyn til. Det heng saman med at dei definerer «sanning» som det empirisk verkelege. Såleis vel ein å setje skilje mellom «ytringsfridom» og «ytringskultur». Men kulturaspektet får likevel minst plass, om vi ser bort frå moraliseringane om ansvarskjensle, ut over det om er juss.

Slik kan ein sjå bort frå sentrale problem i ålmenta. Det er vel og vakkert at ein erstattar omgrepet «danning» med «kultur». Problemet er då at ein kan få inntrykk av at ein ikkje eigenleg kan utvikle kulturen ein tek del i, for ein lyt te seg slik at ein sjølv tek ansvar for verknaden av ytringane sine. Altså vert tilpassing og sjølvkontroll det viktigaste, og ein legg mange av problema med ytringsfridomen ned i det personlege og lokale, eller i institusjonslivet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement