Gjennombrotet

Heilt sidan 1960 har Senterpartiet prøvd å lokke til seg oslofolk. Arbeidarpartiveteran Jan Bøhler kan ha større hell enn dei fleste før han.

Når denne avisa kjem ut, har det gått ei dryg veke sidan Jan Bøhler, stortingsrepresentant for Oslo og Arbeidarpartiet sidan 2005, meldte «sjokkovergang» til Senterpartiet. Litt over ei veke har også gått sidan Bøhler av tidlegare partikameratar vart omtala som ein «jævla sviker», ein som «driter i eget reir», ein egoist som ikkje har prioritert partimøte, og som har teke for mange armhevingar i trea.

Så la oss zoome litt ut frå presskonferansen på Grorud i Oslo førre veke, der Bøhler stotrande kritiserer EØS-avtalen og senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum står støttande ved sida av og seier dei er samde om kva for utfordringar Oslo har, og at Bøhler er ein god ombodsmann, ein slik mann Senterpartiet gjerne vil ha på Tinget. La oss sjå på Senterpartiet som Oslo-parti.

Og la oss ta ein kikk i bakspegelen, der vi ser eit Senterparti som har slite i hovudstaden, mellom høgblokker, brustein og asfalt, i jakt på veljarar langt frå traktorspor, mjølketankar og skogsbeite.

La oss stoppe kalenderen i hovudstaden måndag den 13. september 1965.

Sp-statsminister

Denne måndagen midt i 60-åra vil bli ståande som ein merkedag i historia om Senterpartiet. Det norske folk gjekk til vallokala og røysta slik at statsminister Einar Gerhardsen og Arbeidarpartiet måtte gje frå seg makta til ei borgarleg koalisjonsregjering. Ein månad seinare peikte regjeringspartia ut den neste statsministeren: bonden, trønderen og senterpartileiaren Per Borten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement