JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Gjennombrot med eit men

Ny klimaavtale er på plass, og for første gong er «fossile brensel» med i avtaleteksten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Cop28-direktør og minister for industri og avansert teknologi i Dei sameinte arabiske emirata, Sultan Ahmed Al-Jaber, på klimatoppmøtet i Dubai.

Foto: Amr Alfiky / Reuters / NTB

5258
20231215

Samtalen

Kikki Flesche Kleiven

Direktør ved Bjerknessenteret

Aktuell

Klimatoppmøtet i Dubai

5258
20231215

Samtalen

Kikki Flesche Kleiven

Direktør ved Bjerknessenteret

Aktuell

Klimatoppmøtet i Dubai

sofie@dagogtid.no

Onsdag denne veka vart landa som deltok på klimatoppmøtet Cop28 i Dubai, einige om ein avtaletekst. Landa har gått gjennom status for gjennomføringa av Parisavtalen. Forhandlingane vart forseinka på grunn av usemje kring formuleringar om fossil energi. Fleire olje- og gassproduserande land og fleire utviklingsland var mot eit krav om «utfasing». Løysinga vart ei global «omstilling bort frå fossil energi». Det var utanriksminister Espen Barth Eide som stod bak kompromissframlegget. Han meiner at ein tekst om fossilt brensel har vore elefanten i rommet. Same formulering nyttar Kikki Kleiven ved Bjerknessenteret.

– Ikkje eingong Parisavtalen inkluderer orda olje, gass, kol eller fossilt brensel. Før Cop28 var det altså ingen avtale om å avvikle produksjonen av fossilt brensel i tråd med verdas klimamål. Så dette er ei av dei store brikkene som har mangla i kampen mot klimaendringar. For fyrste gong anerkjenner klimaavtalen behovet for å gå bort frå fossilt brensel, merksemda er retta mot elefanten i rommet.

– Kva vil denne «omstillinga bort frå fossil energi» ha å seie for oljelandet Noreg?

– Landet som skal utvikle, ikkje avvikle olje og gass. Skal me bidra til at verda klarer togradarsmålet, er det ikkje rom for å ta ut særleg mykje meir olje og gass enn det me har funne allereie. Trass i det er me no aktivt inne for å leite etter nye olje- og gassfelt. Det er eit stort ansvar for Noreg å vere eit oljeland som også skal klare å vere med på energiovergangen som blir skildra i avtalen.

–?Du snakkar om 2-gradarsmålet. Held ikkje Cop28 fast på at me skal klare 1,5-gradarsmålet?

– Å nå 1,5-gradarsmålet er ikkje realistisk, og det er ein utruleg naiv del av avtalen. Trass i framgang på klimakutt og tilpassing er ikkje verdas land saman på veg mot å nå måla til Parisavtalen. Første dag av klimatoppmøtet la Verdas meteorologiorganisasjon fram ein rapport som dokumenterte at temperaturen no ligg oppunder 1,4 gradar varmare enn sidan 1850. 1,5-gradarsmålet er tapt. Me må no gjere det me kan for å sikre 2-gradarsmålet.

– Me må sjå på nokre konkrete punkt i avtalen. Det står at landa i verda støttar eit krav om at global fornybar energi skal tredoblast innan 2030. Er det realistisk?

– Det vil krevje politisk gjennomføringsevne og store investeringar. For Noreg inneber det at me tek bort subsidiane til oljenæringa og puttar det inn mot energieffektivisering. Byggjer meir vass- og vindkraft og sørgjer før at offentlege bygg har solpanel, bergvarme og varmepumper. Det ville gjort Noreg særs attraktivt for grøn energi, det ville gi oss energitryggleik, arbeidsplassar og inntekter frå eksport av grøn energi som EU treng.

–?Eit anna viktig punkt i avtalen er karbonfangst og -lagring (CCS). Industri som er vanskeleg å få over på fornybar energi, kan halde fram dersom han har karbonfangst. Kan dette «unntaket» verke mot føremålet om å få ned utsleppa, spesielt for rike olje- og kolproduserande land?

–?Heilt klart. Det kan lett bli eit smotthol for å halde fram med skiten energi. CCS-teknologien er ikkje komen langt nok enno, og det vil krevje store investeringar å skalere han opp. Og då kan ein jo utsetje nedlegginga av fossil industri ganske lenge. Northern Lights (CCS-prosjekt i Øygarden, red. merk.) skal klare å ta unna 1,5 millionar tonn CO2, men me slepper ut 40 millionar tonn i Noreg. Me treng omtrent eitt slikt anlegg i veka for å ta unna utsleppa berre i Europa. Og ikkje minst, dette er dyrt. Det er billigare å forureine enn å fjerne det. Her må karbonprising på banen. Det er fleire smotthol i Cop28-avtalen. Kva vil det til dømes seie at noko er «ikkje effektive fossile brensel»? Kven skal definere det?

– Har du i det heile teke tru på avtalen?

– Djevelen er i detaljane. Me kan juble over avtalen, men når ein ser nærare etter, er det mykje som betyr at land må utvikle teknologi, finansiere og gjere politiske vedtak om å slutte med til dømes fossil subsidiering. Me klarer ikkje oppfylle dei klimaavtalane me alt har signert. No tikkar det ned til 2030 ganske raskt. Og det er heller ikkje noko ris bak spegelen. Avtalen reflekterer konsensusprosessen til FNs klimakonferanse. Når ein avtale er oppnådd, er kvart land ansvarleg for å levere på avtalen gjennom nasjonale retningsliner og investeringar. Dersom Russland seier dei skal kutte 10 prosent av utsleppa, men ikkje gjer det, får ikkje det nokon konsekvens, anna enn at klimaet blir verre.

– Kan verdas land klare omstillinga?

–?Noreg er betre stilt enn andre land. Eg synest me skal vere eit føregangsland. Me sit på kunnskap og teknologi, men har også høve til å få til betring gjennom ulike hjelpeprogram og bidrag til internasjonale klimafond. Og me må ikkje gløyme at nesten 200 land på klimatoppmøtet gjekk med på ein avtale som for første gong oppfordrar alle nasjonar til å gå bort frå fossilt brensel for å avverje dei verste effektane av klimaendringar. På toppmøtet vart det også oppretta eit eige fond som skal støtte sårbare utviklingsland. Så ein smule gjennombrot er det jo. Eg er håpefull!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis