Fiktivt
¿ Generasjon perfekt treng syndeforlating
Medan synd forsvinn frå salmeboka, finn ein ung prestat syndeomgrepet er relevant, politisk og frigjerande.
Eirik Pedersen-Mong.
Foto: Håvard Rem
Lytt til artikkelen:
I Den norske kyrkja har det i seinare år vore ein debatt om syndeomgrepet. Kva er synd? Ei religiøs kjensle av å ha gjort noko gale? Mot kven? Mot ein guddom? Syndeskuld og syndenaud stod tidlegare sentralt i kristen terminologi, men kven går i 2019 kring og tenkjer at dei har synda?
I den nye salmeboka frå 2013 (NS13) er det færre salmar om synd og syndevedkjenning. Syndeomgrepet har fått ein negativ klang og vert nytta meir varsamt. For varsamt, meiner somme. Eit norsk kyrkjelydsråd kom i fjor med ei innstilling der dei skreiv: «Det er betenkelig at salmer som omhandler synd er fjernet i NS13, og erstattet med nye, moderne og åndløse salmer.»
Er den gamle kjensla av synd erstatta av ei ny kjensle av skam, som flyskam, kjøtskam og klimaskam?
Prest for unge vaksne
Eirik Pedersen-Mong er ein ung prest frå Egersund, framleis i tjueåra, som tek til orde for å reaktualisera syndeomgrepet generelt og syndevedkjenninga i gudstenesta spesielt. I mai skreiv han i ein andakt: «Fenomenet synd er så annerledes enn det meste i dagens samfunn at man kan tenke at det er utdatert. Jeg mener at vi tvert om har mer bruk for syndsbekjennelsen enn noen gang.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.