Lita skrift

Geip

Publisert

Alle skulle ha ei søster å krangle med. Eg har iallfall hatt mykje glede av det oppigjennom. I mitt tilfelle var veslesøster diverre alltid størst og sterkast – sjølv om ho er ganske lita av vekst.

Då eg var seks og ho fire, heldt ho på å lære seg å sykle, medan eg enno surra rundt med støttehjul. Så foreldra mine måtte halde ho attende med tvang. Heldigvis ville dei ikkje den stakkars evneveike son sin så vondt at yngstesøstera skulle sykle rundt i nabolaget før han. Men lære seg å symje, det klarte ho før meg.

Vi krangla om alt, søster mi og eg – og mest av alt om fjernkontrollen. Fast takst for eit par timar framfor fjernsynet var eitt, eller kanskje til og med to (!), ostesmørbrød toppa med grillkrydder og rikeleg med ketsjup. Ein dag søster mi ikkje ville akseptere denne standard vekslingskursen, såg eg meg nøydd til å gå til åtak. Kall det ein «spesialoperasjon», om du vil.

Eg fylte ei mugge med vatn, sneik meg inn i stova og truga med å hive innhaldet over ho. Søster mi, uaffisert som ho var, lét seg ikkje terge av det. Så eg sette inn støyten. Saman måtte vi både føne og gnikke med handkle i fleire timar for å få sofaen tørr igjen til foreldra våre kom att.

Men verst av alt var dei gongene ho fekk meg til å grine. Eg ser spesielt føre meg ein gong eg sat i ro og mak på det gamle leiketeppet mitt og leikte med Lego. Plutseleg kjem søster mi inn i ei splitter ny T-skjorte med Minni Mus-motiv på og byrjar herje.

– Mikke Mus! skrik ho.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement