Gass, makt og nervegift

Ein røyrleidning i Austersjøen skaper storpolitiske bølgjer og splittar både Nato og EU. Kan ein dose nervegift drepe eit prosjekt verdt 100 milliardar kroner?

Nord Stream 2-leidningen strekkjer seg frå Narvabukta i Russland til Lubmin i Tyskland.
Nord Stream 2-leidningen strekkjer seg frå Narvabukta i Russland til Lubmin i Tyskland. Nord Stream 2-leidningen strekkjer seg frå Narvabukta i Russland til Lubmin i Tyskland.
Publisert

Eigentleg skulle gassrøyrleidningen Nord Stream 2 ha opna i fjor, og gass skulle for lengst ha strøymt langs botnen av Austersjøen frå den russiske hamnebyen Ust-Luga ved Finskebukta til Greifswald-terminalen i Tyskland. Men ingenting med dette prosjektet er business as usual. Av dei 2460 kilometrane med gassrøyr på havbotnen står det berre att kring 160 kilometer. Men Nord Stream 2 kan bli stogga rett før målstreken. USA har lenge prøvd å stogge denne røyrleidningen, med politisk press og økonomiske sanksjonar – også mot sine eigne allierte. No trur somme at det mislukka drapsforsøket på Aleksej Navalnyj kan bli dødsstøyten for Nord Stream 2, eit prosjekt med ein prislapp på kring 100 milliardar kroner.

Lange røter

Denne soga er komplisert, og vi startar med eit kjapt tilbakeblikk. På eit vis er det underleg at denne røyrleidningen har hamna i slik eit politisk minefelt. Tyskland har vore avhengig av russisk gass til energiforsyninga si lenge – faktisk før den kalde krigen tok slutt. Alt i 1980-åra byrja Vest-Tyskland å importere gass frå Sovjetunionen. Etter kollapsen til sovjetkommunismen vart energisamarbeidet utvida, det vart bygd fleire røyrleidningar, og i dag står Russland for kring 35 prosent av gassforsyninga til Tyskland (omtrent det same som den norske andelen). Tyskland er elles langt frå åleine i Europa om å vere avhengig av russarane: Russisk gass utgjer kring 40 prosent av forsyninga til heile EU, medan norsk gass står for 25 prosent.

At den russiske gassen skal kome langs botnen av Austersjøen er heller ikkje nytt. Den første Nord Stream-leidningen langs nesten same trasé vart opna i 2011, og har vore i drift sidan. Eitt argument for den første leidningen var å auke forsyningstryggleiken for Tyskland og andre EU-land: Røyrleidningane vestover gjennom Ukraina og Kviterussland kan vere sårbare om desse landa kjem i ein konflikt med Russland. Ved fleire høve har Ukraina og Russland krangla om gassprisar og transittavgifter, og det førte til forsyningsproblem i landa som ligg nedstraums i vest.

Feilfri Putin

Men det tette energisamarbeidet mellom Russland og Tyskland hadde òg andre dimensjonar. I Tyskland fanst det ein tradisjon for å prøve å byggje ned skiljet mellom aust og vest gjennom fredeleg økonomisk samkvem, som kan sporast attende til kanslar Willy Brandt og den nye «austpolitikken» hans tidleg i 1970-åra. Også etterfølgjaren Helmut Schmidt tenkte i liknande banar: «Dei som handlar med kvarandre, skyt ikkje kvarandre», meinte Schmidt. Eitt resultat av denne tilnærminga var den første gassavtalen mellom Sovjetunionen og Vest-Tyskland.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement