Gass i skvis
Paal Frisvold, redaktør for nettsida Europeiskpolitikk.no, trur ikkje det går meir enn 10–15 år før EU kuttar gassimporten frå Noreg.
Norsk gass vert i hovudsak seld til EU. No har FNs miljøprogram bede EU forby investeringar i fossil infrastruktur, inkludert nye gassrøryleidningar. Biletet er frå Sleipner.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
FNs miljøprogram (UNEP) varslar i ein ny rapport at CO2-utsleppa må kuttast med 7,6 prosent kvart år fram mot 2030 dersom vi skal nå målet om å halde den globale oppvarminga på under 1,5 grader. Som oppfølging legg organisasjonen fram forslag til tiltak for fleire av G20-medlemmene. EU vert mellom anna beden om å innføre ein lov som hindrar medlemslanda å investere i fossil infrastruktur, inkludert nye gassrøyrleidningar, og å definere eit sluttpunkt for EUs klimakvotesystem.
Redaktør for nettsida Europeiskpolitikk.no, Paal Frisvold, er busett i Brussel og har følgt europeisk energi- og klimapolitikk i 20 år – både for Bellona og for Norsk Industri. Han ser det som ganske truleg at forslaget vert realitet.
– Forslaget byggjer på det som alt er i kjømda i EU. Den europeiske investeringsbanken har vedteke å ikkje finansiere fossil energiproduksjon og infrastruktur etter 2021. EU-kommisjonen har trekt i naudbremsa og vil ikkje lenger vere med på å delfinansiere 31 infrastrukturprosjekt for fossil energi. I tillegg har den store gassinfrastrukturlovpakken EU-kommisjonen har jobba med veldig lenge, og som er venta i løpet av 2020, no plutseleg skifta namn til avkarboniseringspakken. Kva det inneber konkret, står att å sjå, men truleg kjem det til å vere ein lovpakke som skal bidra til å erstatte gass om energikjelde.
– Kva har dette å seie for Noreg?
– Norsk gass vert jo i hovudsak seld til EU. Det er to måtar å sjå dette på. Den eine er å innsjå at vi har éin kunde, og at den kunden har ein plan om å redusere importen. Men så er spørsmålet korleis planen vert gjennomført. Her er det to nivå. Når det på EU-nivå vert gått inn for å både styrkje fornybarsatsinga og auke energieffektiviseringa, er det klart det vil ha konsekvensar for importen av gass. Det andre er kva som skjer land for land. Men til og med Storbritannia, som er den viktigaste kunden for norsk gass, har no eigne program for å erstatte fossil oppvarming med fornybar. Omstillinga kjem til å ta tid, dette er ikkje gjort over natta, men det er soleklart at kundane til norsk gass i Europa har konkrete målsetjingar om å slutte med gass.
– Tidlegare i år forsikra EUs klimakommissær norske bransjeaktørar om at gass kjem til å halde fram med å vere ei viktig energikjelde for EU i tiår framover. Skal vi ikkje tru han på det?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.