Gardsvekst gjev møkka problem

Bønder køyrer avstandar tilsvarande Noreg på langs for å spreie husdyrgjødsel. Ny jordbruksavtale vil late dei køyre endå lenger.

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa ynskjer å samle fleire dyr i same fjøs. Bønder som ynskjer det, skal få produsere meir, seier landbruks-ministeren stadig vekk. Dei store får meir, dei som har potensial til å prøve å vekse, var meldinga frå departementsråd Leif Forsell då han presenterte framlegg til jordbruksavtale tysdag. I framlegget går staten inn for å auke taket for kor mykje mjølk kvar bonde kan produsere frå 500.000 til 1,2 millionar liter. I førre veke varsla Listhaug at ho vil doble konsesjonsgrensene for kyllingproduksjon frå 140.000 til 280.000 slaktekyllingar årleg.

Kva skjer når ein puttar fleire dyr inn i same fjøs? Dei må ha noko å ete. Det kan vere gras frå bakken eller kraftfôr frå ein annan bakke ein annan stad. Rundballar kan òg køyrast over store avstandar. Men same kor fôret kjem frå, endar ein del av det opp som møk. Matproduksjon har ein finger med i nærare halvparten av alle klimagass-utsleppa i Noreg. Ein av dei viktigaste faktorane er nettopp korleis og kor effektivt ein nyttar husdyrgjødsla.

Møka må nemleg gjerast av ein plass. Ei gjennomsnittleg, norsk mjølkeku produserer 1,6 tonn møk kvar månad. Difor har vi krav til spreieareal – for kvar mjølkeku du har i fjøset ditt, må du ha minimum fire dekar jord i drift å spreie møka på. Jorda greier berre å halde på ei viss mengd næringsstoff. Alt jorda ikkje bind opp, hamnar i bekker, hav og andre stader det skaper problem.

Idet rett mengd møk treffer rett mengd jord, endrar ho funksjon: frå å vere eit avfallsprodukt og problem til å verte ein ressurs. Det vil seie – så lenge avstanden frå møkakjellaren til jordet ikkje er større enn næringsinnhaldet i møka eller tida ein har til rådvelde til å sitje på traktoren.

Gard av mange gardar

I 2013 var det 43.525 gardar i Noreg. Dei utførde til saman 48.100 årsverk og drifta til saman nærare ti millionar dekar jordbruksjord. Det gjev oss ein gjennomsnittsgard på 226 dekar. I 2003 var det 58.231 bønder som utførde 69.600 årsverk. Gjennomsnittsgarden var på 178 dekar. Han har med andre ord vakse med 26 prosent på ti år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement