Gardermoen-avtalen
Regionreforma har fått finnmarkingane til å setje seg på bakbeina. No må dei finne ut om dei vil gje etter, eller stegle høgare.
Knut Storberget (i midten) leia meklinga mellom Troms og Finnmark, som enda i Gardermoen-avtalen. Fylkesordførar i Finnmark Ragnhild Vassvik (andre frå venstre) meiner avtalen er den beste Finnmark kan få.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Dei nye storfylka, eller «regionane» (visstnok eit mykje meir effektivt namn), skal i teorien verte mykje betre enn dei små puslefylka som ikkje kan gjere noko effektivt eller billig. Reformar har skapt strid mange stader, men mest i Troms og Finnmark. Desse fylka har nokre særeigne utfordringar. Medan andre fylke «berre» må krangle om arbeidsplassar og maktfordeling, må ein i nord òg finne ut kven som må reise kor ekstremt langt kor ofte.
Arbeidsfordelinga mellom dei nordlegaste fylka vart avklart i Gardermoen-avtalen 15. februar, men avtalen vart eit stort vonbrot for mange i Finnmark. Den politiske og den øvste administrative leiinga hamnar i Tromsø. Vadsø sit att med mindre klare oppgåver innan samferdsle, klima og internasjonale spørsmål. Det beste vi kan få til, meiner ein Ap-leiar i Finnmark. Eit demokratisk tap og ein hån mot Finnmark, meiner ein annan. Ikkje alle har gitt opp håpet om å stanse reforma.
Seint på ballen
Det var ikkje openbert at opprettinga av den nye regionen skulle skape slik strid. Arbeidarpartiet lova at dersom dei vann valet, skulle dei gjere om vedtaket om samanslåing som den blåblå regjeringa gjorde våren 2017. Likevel røysta ikkje finnmarkingane partiet fram. Ap gjekk tilbake i Finnmark, som i dei fleste andre fylka. Høgre og Frp vart sitjande ved makta, og regionreforma heldt fram med full kraft.
Likevel vakna Finnmark først for alvor då forhandlingane om samanslåinga braut saman og Gardermoen-avtalen kom på plass. Fornya tillit til ei blåblå regjering innebar ikkje samanslåing med glede. Prosessen med samanslåinga har gjort finnmarkingane rasande, men heldigvis for regjeringa er dei mest rasande på Ap. Partiet er i den uheldige posisjonen at det leier både Troms og Finnmark fylke, men ikkje landet.
– Eg skjønte jo at Gardemoen-avtalen ikkje ville verte møtt med jubel, men at det skulle bli ein så stygg storm, kunne eg aldri ha sett føre meg, seier Ragnhild Vassvik, fylkesordførar i Finnmark og medlem av forhandlingsdelegasjonen som kom fram til avtalen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.