Gammel Opland vil overleva alt
Statsråd Mæland er på rett fylkesveg, men ikkje i mål med ei monaleg kommunesannering.
Utsyn frå Ørnevegen mot Geiranger og fjella der Tore Ørjasæter kom austanfrå og møtte «Vestland, Vestland».
Foto: Knut Fjeldstad
HJELPESKRIVARANE er misnøgde, for dei var lova å få kommentera nyttårstalane. Men så blei dei skvisa ut av toskete fylkeskommunar og Spaltisten, som brukte spalteplassen på sin eigen navle og tømde bokhyller. For å sikra det gode samarbeidsklimaet er det ikkje anna råd enn å gjera som statsminister Solberg med listhaugane: La dei koma til orde, sjølv om eg ikkje ville sagt det på den måten.
VERTINNA er genetisk republikanar; det har dei vore i slekta sidan før 1905. Men ho kan ikkje nekta for at ho var rørt av Kongens nyttårstale og frøken Behns gravtale. Nå lurer ho på om Majesteten kan flytta Maud Angelica framover i arverekkefylgja.
Byråsjefen er rasjonell og faktaorientert og derfor skeptisk til salvingsfull empati og emosjonelle talemåtar. Han held ein knapp på den kjedeleg saklege Erna som trona ved juksepeisen i statsministerbustaden. Etter konstitusjonell sedvane burde majesteten nøya seg med å lesa opp trontalen og ikkje stilla statsministeren i skuggen.
Byråsjefen var mest nøgd med at Solberg målbar det evige strevet til forvaltninga: «Vi er på rett vei, men ikke i mål». Denne berekraftige setninga brukte ho fleire gonger i ulike variantar for å syna langsiktig omsut for velstand, velstand, slik ho ser det.
Byråsjefen kjende seg inkludert, for då forvaltninga blei pålagd å koma med innspel til nyttårstalen, var det dei orda dei leverte etter ein lang og grundig avdelingskonferanse. Slik skal det gjerast av ein raus, robust, romsleg og retningslaus statsminister med tillit i og til forvaltninga.
***
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.