JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Gammel Opland vil overleva alt

Statsråd Mæland er på rett fylkesveg, men ikkje i mål med ei monaleg kommunesannering.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utsyn frå Ørnevegen mot Geiranger og fjella der Tore Ørjasæter kom austanfrå og møtte «Vestland, Vestland».

Foto: Knut Fjeldstad

5370
20200117
5370
20200117

HJELPESKRIVARANE er misnøgde, for dei var lova å få kommentera nyttårstalane. Men så blei dei skvisa ut av toskete fylkeskommunar og Spaltisten, som brukte spalteplassen på sin eigen navle og tømde bokhyller. For å sikra det gode samarbeidsklimaet er det ikkje anna råd enn å gjera som statsminister Solberg med listhaugane: La dei koma til orde, sjølv om eg ikkje ville sagt det på den måten.

VERTINNA er genetisk republikanar; det har dei vore i slekta sidan før 1905. Men ho kan ikkje nekta for at ho var rørt av Kongens nyttårstale og frøken Behns gravtale. Nå lurer ho på om Majesteten kan flytta Maud Angelica framover i arverekkefylgja.

Byråsjefen er rasjonell og faktaorientert og derfor skeptisk til salvingsfull empati og emosjonelle talemåtar. Han held ein knapp på den kjedeleg saklege Erna som trona ved juksepeisen i statsministerbustaden. Etter konstitusjonell sedvane burde majesteten nøya seg med å lesa opp trontalen og ikkje stilla statsministeren i skuggen.

Byråsjefen var mest nøgd med at Solberg målbar det evige strevet til forvaltninga: «Vi er på rett vei, men ikke i mål». Denne berekraftige setninga brukte ho fleire gonger i ulike variantar for å syna langsiktig omsut for velstand, velstand, slik ho ser det.

Byråsjefen kjende seg inkludert, for då forvaltninga blei pålagd å koma med innspel til nyttårstalen, var det dei orda dei leverte etter ein lang og grundig avdelingskonferanse. Slik skal det gjerast av ein raus, robust, romsleg og retningslaus statsminister med tillit i og til forvaltninga.

***

RETTINGAR. Spaltisten set stor pris på tilbakemeldingar frå den høgt vyrde lesarkrinsen: ros, sjølvsagt, men ris er like velkome. Derfor er eg litt skuffa over at postkassen ikkje fløymde over av spott etter at eg (i ein parentes) førre veke plasserte Skjåk kommune i feil nyfylke. Rett nok er Viken (hæ?) eit mæland etter sanneringsprosessen i regi av det sentraliserande indredepartementet, og rett nok er vanskapningen så forvriden at ingen skulle tru at nokon kunne laga slikt, men der får vera grenser: Skjåk ligg i Ottadalen, sidedal til Gudbrandsdalen, nå i Innlandet fylke.

Dette er den administrative historia i kortform: I 1687 blei Ove Lange gjort til amtmann for Gudbrandsdalen og Hedemarken av oldenborgaren Christian V frå Flensburg. Då han blei borte, gjekk amtet inn att som del av Akershus stiftamt. Oplandenes amt, som var oppretta i 1757, blei i 1781 delt i Vestre og Østre Oplandene og så omdøypt til Christians (Kristians) amt og Hedemarkens amt. I 1919 fekk dei fylkesnamna Oppland og Hedmark.

Under amta låg fogderia, og dei skal ein ikkje kimsa av som regionale inndelingar og identitetsberarar til lenge etter at den siste sorenskrivar har tapt sin tingrett. Frå 1762 var dette fogderia i Oplandenes amt: Hedemarchen; Soløer, Øster og Oudalen; Gudbrandsdalen; Hadeland, Toten og Walders.

OPPLAND KJEM til å leva vidare som eit smykke i norsk landbruksnæring: Gammel Opland (Oplandske Gammel), som aldri har vore over linja, men er lagra på eikefat som tidlegare er brukt til Oloroso sherry.

Det starta på Hunn i Vardal ved Gjøvik i 1854. Då blei Holmen Brænderi skipa for at bøndene i distriktet skulle få sikker avsetning på bygg og potteter – det var lenge før Vazelina med hoff slo til med opphøgde.

Norske Akevitters Venner, der departementsråd emeritus Per Harald Grue er gudfar, opplyser at Gammel Opland har lite med det avlidne Oppland fylke og mandelpoteter frå Skjåk og andre fjellbygder å gjera: I akevittsamanheng er Opland bygdene rundt Mjøsa.

Då den heimslege Gammel Opland blei nylansert for eksport for to år sidan, var flaska designa av London-byrået Stranger and Stranger. At akevitten smakte litt annleis, kom ikkje av at Arcus hadde tukla med resepten, men at den tradisjonelle skrukorken blei bytta ut med portugisisk naturkork. Nå har dei gått over til syntetisk kork med raud hette, og Gammel Opland smaker som han skal, både for innlendingar og utlendingar.

NOKRE FÅ ORD om Tore Ørjasæter (1886–1968) var opphavet til desse rettingane. Han var ei poetisk malmfuru som henta naturbilete og menneske frå heimbygda, til dømes gjennomgangsfiguren Gudbrand Langleite, men han var ingen heimføding. Sentralmotiva var den evige striden mellom vilje og lagnad, modernitet og tradisjon, farartrong og rotfeste, fridom og ansvar, ispedd store dosar kjønnskamp.

Han levde det meste av livet utanfor fjellgrenda Bråtå i Skjåk, så dalen var meir i diktaren enn diktaren i dalen. Han var innom Lars Eskelands folkehøgskule på Voss, lærarskulen i Volda, Berlin, Frascati og Hvalstad, men blei bufast i Øyer.

Faren var ein konservativ lærar med eit lite gardsbruk attåt og høyrde til «Christendomemmens Venner i vort Land», altså motsatsen til den klassiske «vestlandslæraren» med norskdom og radikal Venstre-politikk, sjølv om han var bondeson frå Ørjasæter i Geiranger.

Gjennom farsslekta hadde Tore eit nært forhold til det vestlandske og var der mykje. Vegen var ikkje så lang over Grotli. Ein kjennar ser for seg at han sat litt vest for vasskiljet, ikkje langt frå Djupvatnet, då orda kom til han: «Å, Vestland, Vestland, når eg ser deg slik!»

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tore Ørjasæter sat på ein stein litt vestanfor Grotli då vestlandsorda kom til han.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis