Kommentar
Galgenfrist for fjorden
Næringsministeren skjerpar krava til Nordic Rutile, men vil ikkje nekte selskapet å dumpe gruveavfall i Førdefjorden.
Fjorddumpingsmotstandarane hadde mest grunn til å vere skuffa over avslaget til næringsminister Jan Christian Vestre 6. mai.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Då næringsminister Jan Christian Vestre den 6. mai avslo klaga som miljørørsla, Vevring grendelag og gruvekonkurrenten Arctic Mineral Resources sende i november 2020 på driftskonsesjonen Direktoratet for mineralforvaltning gav til Nordic Rutile AS i juni same året, var det med desse orda i pressemeldinga: «Jeg har lyttet til miljøbevegelsen og strammet inn miljøkravene i driftskonsesjonen betydelig. Det har vært viktig for meg å gå så langt som mitt handlingsrom tillater.»
Driftskonsesjonen han stadfesta, er den som gav Nordic Rutile lov til å opne Engebøfjellet i bygda Vevring på nordsida av Førdefjorden i Sogn og Fjordane for å vinne ut 35.000 tonn rutilmalm og 250.000 tonn granat årleg, og i samband med det dumpe til saman 250 millionar tonn gruveslam i den nemnde Førdefjorden.
Samstundes som Vestre lét Nordic Rutile halde fram med å bygge gruveinfrastruktur, har han altså sett fram nye krav til at den framtidige gruva skal ha størst mogleg ressursutnytting og redusere overskotsmassar slik at trongen for deponering vert minst mogleg. Driftsplanen må stadfestast av Direktoratet for mineralforvaltning før gruvedrifta kan ta til.
Slik sender Jan Christian Vestre ansvaret inn i framtida – og opptrer som ein fyrste far i huset i eventyret. Kven er det eigentleg som tener på det?
Investorar og uvisse
Sjølv om Nordic Rutile uttalar at dei er nøgde og glade, og at dei strengare krava alt er oppfylte, er vel det ein fasade dei er nøydde til å halde all den tid dei er avhengige av at investorar puttar inn monalege summar for at Nordic Rutile kan starte opp sjølve gruveproduksjonen. Det vert nok ikkje lettare all den tid vi har ei slagkraftig miljørørsle som kjem til å hugse godt på kvart eit ord som står i klageavslaget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.