Futen over alle futar

Digitaliseringa utfordrar grunnleggjande prinsipp for kor ein skal betale skatt, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Publisert

Skattedirektør Hans Christian Holte står midt i striden om skattlegginga av digitale tenester i OECD. Sidan 2017 har han leidd Forum on Tax Administration (FTA), som er ei forsamling av skattedirektørar frå 50 statar: alle OECD-land pluss alle land som er med i G20. Det er dette forumet som leitar etter ei sams løysing for å skattleggje dei digitale tenestene i verda.

– Dagens skattesystem klarer ikkje å handtere den digitale økonomien. Kvifor er det så vanskeleg å skattleggje teknologiselskapa på fornuftig vis?

– Eg trur kjernen i problemet er dette: Fysisk nærvær har vore det sentrale kriteriet for skattlegging. No utfordrar digitaliseringa av økonomien det grunnleggjande prinsippet for å avgjere kor ein skal betale skatt. Dette rokkar ved eit fundament som har vore der i 100 år, og vi må leite etter nye løysingar. Da kjem interessemotsetnadene fram. Land som er marknader for store selskap, har ikkje same interesser som land som er heim for selskapa, seier Holte.

– Dei statane som berre er marknader, forventar å få ein større del av skatteinngangen frå teknologiselskapa enn før. Og vi ser no ein internasjonal konsensus om at balansen bør forskyvast i den retninga.

– Kor går frontlina? Dei største teknologiselskapa har opphav i USA, og ein kan få inntrykk av at det er USA mot resten?

– Det er ikkje heilt feil. Noreg og andre europeiske land har andre interesser enn USA har. Når Frankrike no innfører ein eigen digitalskatt som USA reagerer på, er det eit døme på desse interessemotsetnadene, seier Holte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement