Sideblikk
Fundamentalisme og pragmatikk
Det er ikkje lett å sameina ei utopisk grasrotrørsle og eit karismatisk høvdingparti.
Lan Marie Berg på veg til landsmøtet i MDG i vår. Nå skal ho på Stortinget.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Då byrådet i Oslo letta på pandemistenginga, sette bystyret opp ein politisk farse. Dei direkte involverte og statistane i kommentariatet haussa spelstykket opp som drama, og slik fortonar det seg på innsida. Men heller ikkje på utsida kan ein sjå bort frå at det ligg alvor under den komiske yta.
POSISJONAR PREGAR politiske perspektiv. Ein ser røynda frå der ein står. På godt og vondt er rådhuset med styre og stell og tilliggande herlegdom ein koopteringsmaskin for dei som kjem utanfrå: Godt fordi dei får følgja sakene undervegs, dårleg fordi dei blir smitta av innanfor-perspektivet og hekta på prosessar.
Det gjeld ikkje minst små parti som har hast og vil visa handlekraft i staden for å vikla seg inn i detaljar og formalitetar. Der har MDG og Raudt same utgangspunkt, men paradoksalt nok har dei raude, med odelsrett på revolusjonen, gjort det til eit kjennemerke å overgå alle i krav til forvaltningsskikk og informasjonsplikt.
I SOLIDARITET med byråd Berg stilte byregjeringsleiar Johansen kabinettsspørsmål. Byrådet blei kasta av underlege sengekameratar, men blei sittande som «forretningsministerium». Det pompøse ordet betyr at det var eit mellombels kastrert naud- og ventebyråd til Raymond kom tilbake som Johansen 2, utan Berg som rytter.
Operasjonen var ein kopi av Rune Gerhardsens manøver for 30 år sidan, då Johansen var samferdselsbyråd for SV og oppmoda folk til moka sjølv om vinteren.
Det er ikkje til å unngå å parafrasera Olav H. Hauge: Eg har stor tru på det nye byrådet, men det er vel det gamle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.