Fryktar for norsk truverd
Det blir fleire menneske og færre nordmenn på Svalbard. Gruvenedlegginga var lite gjennomtenkt, meiner forfattar Per Arne Totland.
Norske styresmakter meiner turisme skal vere med på å erstatte gruvedrifta på Svalbard. Men cruiseturismen legg att lite pengar på øyane. Foto frå cruiseskipet «Polar Star» utanfor Svalbardkysten i 2010.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
– Vedtaket om å avvikle kolutvinninga på Svalbard var forhasta. Forsking og turisme kan ikkje fylle holet etter gruvedrifta, meiner Per Arne Totland, bedriftsrådgjevar og forfattar av boka Kaldfront. Konfliktområdet Svalbard gjennom 100 år.
I byrjinga av mars starta arbeidet med å rydde opp etter hundre år gruvedrift på Svalbard. Først skal spora slettast etter den nye Lunckefjell-gruva, der det vart investert over 1,2 milliardar kroner fram til 2014, men der produksjonen aldri kom i gang. Seinare kjem turen til Svea-gruva, der det vart utvunne kol i over hundre år. Å føre gruveområda attende til naturen er venta å koste 2,5 milliardar kroner. Berre i gruve 7 skal det framleis hentast ut kol til kraftverket som gjev lys og varme i Longyearbyen.
Lite gjennomtenkt
– Nedlegginga av drifta i Svea-gruva verka ikkje godt gjennomtenkt. Næringsdepartementet slo fast at koldrifta var ulønsam, og Stortinget vedtok nedlegging utan å vite prisen for oppryddinga. Sidan har kolprisen stige, og med dagens prisar kunne Lunckefjell-gruva gjeve bra lønsemd i ein god del år. I tillegg har prisen for å rydde opp etter gruvedrifta blitt mykje høgare enn nokon såg for seg, seier Totland.
– At Noreg må slutte med kolutvinning på sikt, er nok alle samde om. Men ein kunne utnytta investeringane betre og gjeve Svalbard-samfunnet meir tid til å omstille seg. Og nedlegginga vart vedteken utan nokon strategi for Svalbard etter kolet eller nokon analyse av konsekvensane nedlegginga får for det norske nærværet. Ein slik analyse skal kome no i vår, og det er lovleg seint.
Færre nordmenn
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.