Frykt og avsky på nettet
Kvinner blir skremde vekk frå debattane på nett, meiner Heidi Helene Sveen.
I Aftenposten onsdag hevda samfunnsvitar og skribent Heidi Helene Sveen i både kronikk–?og intervjuform at sjikane og hat i nettdebattane skremmer kvinner frå å delta. «Facebook er en pøl av hat og forakt», sa Sveen til avisa.
–?Eg kjenner meg ikkje att i skildringa. Det er fleire bursdagshelsingar enn hatefulle ytringar på Facebook?
–?Det kan nok vere. Men eg er ikkje så interessert i bursdagshelsingar. Eg er interessert i debattar om emne som innvandring, kjønn og likestilling. Og i dei debattane ser eg mykje hat og forakt overfor andre debattantar – også på trådane til profilerte folk i samfunnet. Det florerer av personåtak, utan at nokon slår ned på det.
–?Blir kvinner meir utsette for trakassering enn menn i nettdebattane?
–?Eg meiner kvinnelege debattantar blir møtte på ein annan måte enn menn. Kvinner blir oftare utsette for personleg kritikk og psykologisering. Eg ser sjeldan at mannlege kronikkforfattarar får høyre at dei «berre er ute etter merksemd», slik det ofte skjer med kvinner.
–?Du meiner mange kvinner blir skremde vekk frå debattane?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.