FridagmånadenI 2018 har alle vekene i mai ein raud dag. Då er det godt gjort å få gjort jobben sin skikkeleg.

I 2018 har alle vekene i mai ein raud dag. Då er det godt gjort å få gjort jobben sin skikkeleg.

1. mai ser det slik ut i Oslo. Kanskje skulle ein hatt fri til å marsjere 8. mars òg.
1. mai ser det slik ut i Oslo. Kanskje skulle ein hatt fri til å marsjere 8. mars òg.
Publisert

Før var mai den beste månaden eg visste. Det var berre litt over ein månad att til bursdagen min og ikkje lenger meiningslaust å gå til frisøren. For sesongen for horisontalregn og stiv kuling var nesten over. Vi skulle få sløse bort skuletid på å springe frå vassgeværa til russen, og etter 17. mai hadde ikkje mor mi gyldig grunn til å nekte meg å bade lenger. For ikkje å snakke om alle fridagane: grunnlovsdagen som skulle nyttast til å søle rikeleg med is og ketsjup på bunaden, tape potetlaupet kraftig og smelle med knall – utan pistol, for det fekk vi ikkje. Og alle dei innestengde dagane vi fekk nyte godt av, heime frå skulen.

No er eg vaksen, og det er annleis. Eg er stressa. Mange fridagar vil seie færre arbeidsdagar, men arbeidet må gjerast uansett. Avisa skal ut.

Og i minnet blinkar ei TV 2-overskrift hånleg mot meg: «2018 blir tidenes ferieår».

Eg fnyser for meg sjølv der eg spring på jobb to timar før i håp om å rekke deadline. Så bråstoppar eg utanfor ei av dei fem kyrkjene som omringar området eg bur i, og kvinna bak meg må gjere ei sidevegs forflytting for ikkje å gå på meg. Kva er eigentleg kriteriet for at ein slik dag skal verte fridag? tenkjer eg.

For i Noreg er dei aller fleste av desse dagane kristne markeringar. På himmelspretten, eller Kristi himmelfartsdag, i påska, i jula og i pinsa markerer vi ein religion som ikkje lenger er statsreligion i Noreg. Andre jule-, påske- og pinsedag eksisterer for at folk skulle ha tid til å reise til og frå gudsteneste i eit desentralisert Noreg. Sjølv om vi har ein kristen kulturarv og 70 prosent av nordmenn framleis er innmelde i den norske kyrkja, er det berre ti prosent som går til gudsteneste jamleg. Og kvar tredje kyrkjemedlem er ateist, ifølgje Vårt Land. I april vart i tillegg ni kyrkjer i Oslo føreslått nedlagde fordi det kyrkjelege fellesrådet har gått med underskot dei siste åra.

Så, sett bort frå heilagdagane: når alle har fri på den internasjonale kampdagen for arbeidarar 1. mai, kvifor har vi ikkje fri til å gå i tog kvinnedagen 8. mars? Eller på frigjeringsdagen 8. mai? Og hadde det ikkje passa med ein pause i julestrida den internasjonale menneskerettsdagen 10. desember?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement