Kommentar
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Kommentar
Endeleg kom det godt nytt frå Midtausten: På tysdag inngjekk Israel og Libanon ein avtale som skal gjere slutt på den 14 månader lange konflikten, som har vart sidan Hizbollah tok til å sende rakettar mot Israel 8. oktober 2023.
Avtalen er ei stadfesting og styrking av FNs tryggingsråds resolusjon 1701 frå 2006, som vart vedteken etter den førre krigen mellom Israel og Hizbollah. Partane skal slutte med offensive operasjonar mot kvarandre, og både Israel og Hizbollah skal trekkje seg ut frå Sør-Libanon. Etter 60 dagar skal ikkje israelske styrkar operere nord for grensa mellom landa (den blå lina), og Hizbollah-styrkar skal ikkje operere sør for Litani-elva, som ligg 30 kilometer nord for grensa. I dette området skal berre libanesiske sivile, den libanesiske hæren (LAF) og FN-styrken Unifil halde hus. Avtalen gjer det mogleg for sivile nord i Israel og sør i Libanon å flytte heim. Den gamle trepartsmekanismen mellom Israel, Libanon og Unifil vert utvida til ein fempartsmekanisme der Frankrike og USA deltek.
Press frå USA
USA og Frankrike har rolle som garantistar. USA skal ha truga Israel med ein ny tvingande FN-resolusjon, ein fred påtvinga ovanfrå, om ikkje Israel vart med på avtalen med Libanon. Neste veke tek USA over presidentskapen i Tryggingsrådet. Om Israel ikkje følgjer opp og trekkjer seg ut, kan dei vente seg sterkare lut frå amerikanarane. Avtalen gjev òg USA i oppgåve å forhandle om uteståande saker mellom Libanon og Israel, med hjelp frå Tryggingsrådet. Frankrike er militært til stades i Libanon og skal sjå til at den libanesiske hæren (LAF) kan forsterkast i tråd med avtalen. Det er LAF som skal fylle tomrommet etter Hizbollah-styrkane i sør og langs dei libanesiske grensene andre stader. I praksis er det FNs tryggingsråd som no installerer seg på kvar side av grensa mellom Israel og Libanon.
Denne avtalen er eit stort gjennombrot. Og noko av det viktigaste er føresetnadene som ikkje står i avtalen, men som likevel utgjer noko av fundamentet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.