Fred og ingen fareTryggingskonferansen i München var prega av krigsfrykt. Men i norsk utanrikspolitikk er det meste som før.

Tryggingskonferansen i München var prega av krigsfrykt. Men i norsk utanrikspolitikk er det meste som før.

– Vi skal framleis tru på at den innsatsen vi gjer, kan snu ei negativ utvikling, kan lindre menneskeleg liding og kan løyse opp i fastlåste konfliktar, sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide i den årlege utanrikspolitiske utgreiinga i Stortinget denne veka.
– Vi skal framleis tru på at den innsatsen vi gjer, kan snu ei negativ utvikling, kan lindre menneskeleg liding og kan løyse opp i fastlåste konfliktar, sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide i den årlege utanrikspolitiske utgreiinga i Stortinget denne veka.

«Demokrati og fridom, dei verdiane vi i Vesten set høgst, er truga. Dei vestlege samfunna våre verkar svakare enn før. Den internasjonale ordenen som vart etablert i etterkrigstida, er i fare.» «Vi skal ikkje spreie pessimisme og motløyse, eg er samd med dei som poengterer det, men det vil òg vere uklokt å tone ned varselsignala. For, vener: Varselsignala blinkar klart raudt.»

Slik lydde åtvaringane frå den tyske diplomaten Wolfgang Ischinger då han opna den årlege tryggingskonferansen i München for to veker sidan. På fyrste rad sat NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg saman med forsvarsministrane i Frankrike og Tyskland. Nokre rader lenger bak sat forsvarsminister Frank Bakke Jensen (H) ved sida av Sveriges tidlegare statsminister Carl Bildt. På deltakarlista stod òg Israels statsminister, den russiske og den tyrkiske utanriksministeren, Storbritannias statsminister, presidenten i Ukraina, USAs tidlegare visepresident, forsvarsministrar frå Irak og Afghanistan, FNs generalsekretær, EU-kommisjonens president, utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) og Aps Espen Barth Eide. I alt over 500 statsleiarar, ministrar, forsvarssjefar, politikarar, organisasjonsleiarar og direktørar frå heile verda var samla for å diskutere og konfrontere kvarandre om tryggingspolitiske spørsmål.

I ettertid har Financial Times meldt at uro over utanrikspolitikken til Trump dominerte møtet. Britiske The Guardian har skrive om «det skremmande synet av tre supermakter – USA, Russland og Kina – som alle oppfører seg dårleg, og alle på ein gong». Moscow Times har meldt om spenningar mellom USA og Russland over manglande kontroll med kjernefysiske våpen, og danske Weekendavisen rapporterte om «Mismod i München». Tidlegare utanriks- og forsvarsminister Espen Barth Eide skriv i ein kronikk i Dagens Næringsliv at det er lenge sidan ein konferanse har vore så prega av uroa for ein komande storkrig.

Ein kan spørje seg kva følgjer mismotet og uroa som prega konferansen i München, har for norsk utanrikspolitikk. Tysdag denne veka heldt utanriksminister Ine Eriksen Søreide den årlege utanrikspolitiske utgreiinga for Stortinget.

Søvndyssande

Tradisjonen med utanrikspolitiske utgreiingar i Stortinget går tilbake til fyrste verdskrig og har som føremål at Stortinget skal haldast betre orientert, og at utanrikspolitiske saker skal drøftast meir ope.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement