Sideblikk

Framstegspartiets unge slekter

Sylvi Listhaugs parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep.

«Uten frihet er vi ingenting.» Frp-leiaren då ho heldt landsmøtetale på Gardermoen fredag i førre veke.
«Uten frihet er vi ingenting.» Frp-leiaren då ho heldt landsmøtetale på Gardermoen fredag i førre veke.
Publisert

Partigründeren Carl I. Hagen hadde det med å halda torgmøte 1. mai for å la seg kasta ned av rotne egg. I år hadde etterfølgjarane partilandsmøte på eit flyplasshotell på arbeidarrørslas kampdag. Dei er for fellesskap, men mot at det blir brukt som påskot for statleg kontroll over enkeltmenneske. Bodskapen frå Sylvi Listhaug var at folk flest ikkje vil ha meir stat, men større fridom til å styra sitt eige liv, så derfor: «Det er Fremskrittspartiet som er partiet for vanlige arbeidsfolk.»

Det er noko i det, slik Framstegspartiet vil stå fram: av, for og med folket. Dei står sterkt mellom dei som har låg inntekt og utdanning, er prekært plasserte langt nede på den sosiale rangstigen og føler seg oversett og forakta, dei som kjenner på utanforskapen, men ser seg som verdig trengande som fortener betre. Det er dei andre som har skulda: politikar­ane, byråkratane, snyltarane, innvandrarane, formyndarane, elitane.

LISTHAUGS GLANSNUMMER er for tida Staten mot Folket. Staten fløymer over av inntekter, mens lommebøkene blør for folk og bedrifter. Folk flest blir flådde ved pumpene og frys fordi dei ikkje har råd til straum i husa. Vanlege folk er knuget av naud og svolt, skattar og avgifter. Staten blir rikare og trælande folk fattigare.

Ho kunne ha tydd til ei strofe frå «Internasjonalen», her i Martinus Høgåsens nynorske versjon:

Imot oss staten lover smider,

av bører blir vi bøygt i kne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement