Sideblikk

Framstegspartiet står i skorfeste

Partiet for bilistar flest er innhenta av eigen suksess. Det stinkar bompengar av asfalten.

Bom-bom der Marcus Thranes gate kryssar Sandakerveien i Oslo.
Bom-bom der Marcus Thranes gate kryssar Sandakerveien i Oslo.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen

Taktiske analytikarar reknar med at Framstegspartiet klarer å koma seg ut av bomknipa og blir verande i Solbergs usamla regjering. Dei har tatt to motorvegsteg fram, men klarer nok å ta eitt tilbake, framstilla det som ein siger og hausta fossil gevinst.

VERTINNA er ikkje så sikker på det. Ho har kjensle for politikk, men veit meir om sauehald. Ho trur Framstegspartiet kan ha hamna i skorfeste (skårfeste, skòrfeste). Ei skòr er ei trong kløft i ei bergside som kan enda i ei lita berghylle. Når ein sau hamnar skorfeste i jakta på saftig gras, står han bom fast og kan verken koma opp eller ned, fram eller tilbake. Om han ikkje får hjelp og blir heist opp, svelt han i hel eller ramlar ned og slår seg i hel.

Uttrykket er overført til menneske og politikk. I biografien om presten, bladmannen og predikanten Lars Oftedal, som stod fram i kordøra i St. Petri kirke og kunngjorde at han hadde levd i hor, skriv Berge Furre at han var komen i eit skòrfeste i livet. I boka om Lars Sponheim skriv Olav Garvik og Olav Kobbeltveit at partileiinga i Venstre plasserte seg i eit håplaust skorfeste der alle utgangar enda i uføre.

DET ER ILLE å vera skorfast. Likevel har Vertinna stor age for dristige sauer som ikkje følgjer flokken, men prøver å tyna mest mulig ut av grasrøtene i farlig lende.

Det er i grunnen verre å hamna i åvelta (aovelta). Det kan skje med husdyr som blir liggande på rygg i ulendt terreng. Om uhellet er ute, skal det ikkje store dumpen til før sauen ligg der og kavar og sparkar hjelpeaust i lause lufta. Om han ikkje får hjelp til å koma på føtene, blir han heilt utmasa, døyr og blir mat for åtseldyr.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement