¿ Framgangspartiet
Det ligg mange reisedøgn bak framgangen til Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet. Dag og Tid vart med på eitt av dei.
– Eg var med i Høgre då eg kom hit, men i år skal eg røyste Sp for fyrste gong, seier Bjørn Brandvoll (t.v.).
Foto: Eva Aalberg Undheim
Lytt til artikkelen:
– Eg var med i Høgre då eg kom hit, men i år skal eg røyste Sp for fyrste gong. Dei jobbar for saker eg forstår.
Orda kjem frå Bjørn Brandvoll (80), austlending og tidlegare major, som no er busett i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane. Han er ein av dei meir enn hundre personane som har møtt opp på plenen utanfor Coop marked i Hornindal sentrum ein tysdag i august for å møte Sps lokale listekandidatar og senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum.
Fleire bed om å få ta bilete saman med Vedum. Brandvoll slår av ein prat med han.
Skal vi tru meiningsmålingane, kan Senterpartiet om halvanna veke gjere sitt beste kommuneval nokosinne. Skulle den nyaste kommunemålinga Ipsos har gjennomført for Dagbladet slå til, kan partiet endåtil gjere det betre enn ved stortingsvalet i 1993, då det fekk 16,7 prosent av røystene.
Sp tek veljarar frå alle andre parti, frå Raudt til Frp. Kvifor skjer det, og kva kjem desse veljarane til å få att for å røyste Sp? Dag og Tid vart med Sp-leiaren på valkampreise i Møre og Romsdal ein dag for å prøve å finne svar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.