Utdanning

Fråfall i skulen: den glade versjonen

Mytane florerer i ordskiftet om skulefråfallet, meiner sosiolog Kristoffer Chelsom Vogt. Aldri før har så mange fullført vidaregåande som no.

Fråfallet har gått ned i vidaregåande skule. På studiespesialisering fullfører nesten 90 prosent av elevane i løpet av fem år.
Fråfallet har gått ned i vidaregåande skule. På studiespesialisering fullfører nesten 90 prosent av elevane i løpet av fem år.
Publisert

Mange politiske reformer kjem skeivt ut frå hoppet, men det er uvanleg at dei buklandar på så pinleg vis som Fullføringsreforma til regjeringa gjorde før påske. Forslaget om å redusere fellesfaga i vidaregåande og skjere ned på «mindre fag» som historie utløyste rasande respons. Og det reforma eigentleg skulle handle om, ei rekkje tiltak for å få fleire til å fullføre vidaregåande skule, vart vekk i rabalderet. For tida fullfører kring 78 prosent av elevane vidaregåande skule, og regjeringa vil ha fullføringsprosenten opp til 90.

Dette er ikkje staden for ei brei vurdering av reformforslaget som medisin mot fråfallet. Her skal vi sjå på sjølve diagnosen som ligg til grunn for både reforma og ordskiftet om temaet. Politikarar frå heile partispekteret har dei siste åra snakka om skulefråfallet som eit stort samfunnsproblem. Men debatten er prega av mytar, meiner Kristoffer Chelsom Vogt, førsteamanuensis ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. I fleire artiklar dei siste åra har han utfordra denne framstillinga. Omfanget av fråfallet er overvurdert, og konsekvensane av fråfallet er ofte mindre alvorlege enn dei blir framstilte som, meiner Vogt. Og han har tal å vise til.

Rekordhøgt

– Vi veit at gjennomføringsgraden i vidaregåande aldri før har vore så høg som no. Det store hoppet kom med Reform 94. Sidan da har kring 70 prosent gjennomført vidaregåande i løpet av fem år, og dei siste par tiåra har gjennomføringsgraden auka noko. Men i same periode har uroa over fråfallet auka enormt, seier Vogt til Dag og Tid.

Også den stigande uroa over utviklinga lèt seg talfeste: Frå 2000 til 2010 vart talet på artiklar i norske aviser om fråfallet i vidaregåande skule per år meir enn hundredobla. Og medan «frafall i videregående» vart nemnt i to plenumsmøte på Stortinget i 1990-åra, var det nemnt i 90 slike møte i 2010-åra. Dette trass i at fråfallet altså ikkje har auka, men minka.

– Når fråfallsprosenten faktisk har gått ned, kvifor gjev da ordskiftet inntrykk av ei forverring?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement