Frå tanke

Både jihadistar og høgreekstremistar ser på terrorismen sin som sjølvforsvar, seier terrorforskar Thomas Hegghammer.

Politi ved Al-Noor Islamic Centre i Bærum, der Philip Manshaus skaut seg inn i lokala sist laurdag.
Politi ved Al-Noor Islamic Centre i Bærum, der Philip Manshaus skaut seg inn i lokala sist laurdag.
Publisert Sist oppdatert

Det avverja åtaket på moskeen Al-Noor Islamic Centre i Bærum sist laurdag går inn i ein serie høgreekstreme åtak på innvandrarar i vestlege land det siste halvåret. Patrick Crusius, som drap 22 menneske i El Paso i USA 4. august, kalla massakren sin eit svar på «ein invasjon» av latinamerikanarar. Brenton Tarrant, som drap 51 menneske i to moskear i Christchurch på New Zealand 15. mars, kalla seg sjølv ein etnonasjonalist og heldt fram Anders Behring Breivik som inspirasjonskjelde. Og på eit nettforum viste Philip Manshaus til Tarrant og Crusius som inspirasjonskjelder før han gjekk til åtak på moskeen i Bærum laurdag. Terrorisme kan openbert smitte, slik også jihadistar har inspirert kvarandre til illgjerningar rundt i verda. Spørsmålet er kor langt denne smitten kan gå.

Uklar trend

Kor stort er trugsmålet frå ytre høgre? I USA stod høgreekstreme bak 92 terroriståtak i perioden 2010 til 2017, medan jihadistar stod bak 38, syner tal frå Global Terrorism Database. I Europa har derimot jihadistar stått bak dei klart fleste og verste åtaka dei siste 20 åra, og biletet er uklart når det gjeld høgreekstrem terrorisme: Ulike land rapporterer ulikt, og medan tal frå Global Terrorism Database tyder på ein auke i slik terrorisme i Europa sidan 2010, har den norske forskaren Jacob Aasland Ravndal kome til at talet på dødelege åtak frå høgreekstreme har gått ned i Europa sidan 2000.

I eit intervju med Filter Nyheter fortalde seksjonsleiar Arne Christian Haugstøyl i PST denne veka om auka aktivitet i høgreekstreme grupper på nettet og kalla åtaket i Christchurch for ein «gamechanger». Om åtak som dei i Christchurch og El Paso varslar ein auke i terror frå ytre høgre, er det interessant å sjå på kva krefter som driv fram terrorisme. Og kva fellestrekk finst mellom jihadistiske terroristar og motstykka deira på ytste høgrefløy?

«Sjølvforsvar»

– I teorien kan alle moglege politiske saker motivere for terrorisme, seier Thomas Hegghammer, som er seniorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt og ein internasjonal autoritet på jihadisme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement