Næringsliv

Frå nisje til nasjonal satsing

For mange verksemder har KI-revolusjonen komme brått på. Anita Schjøll Abildgaard starta KI-selskap før folk flest visste kva KI var.

I Noreg er det registrert i overkant av 350 norske KI-selskap, og meir enn halvparten av dei vart etablerte etter 2019.
Publisert Sist oppdatert

– For ei stund sidan måtte vi innføre ein periode der alle tilsette måtte bruke tre til fire timar i veka på å utforske nye verktøy baserte på kunstig intelligens (KI). Det er mykje, men det er naudsynt, seier Anita Schjøll Abildgaard.

Eg møter henne på eit KI-seminar i ein tidlegare lokomotivstall i Halden sentrum for å snakke om kunstig intelligens i norsk næringsliv. Seminarlokalet myldrar av gründerar, forskarar, teknologar og digitale leiarar i offentleg sektor. Frå scena fortel dei om kva nett dei gjer for å gjere den kunstige intelligensen betre, tryggare og meir tilgjengeleg.

Ein nasjonal infrastruktur for KI, med offentlege språkmodellar, superdatakraft og KI-senter, er under oppbygging. Kunstig intelligens er her, men langt frå alle selskap veit kva dei kan gjere med han.

Tidleg ute

Abildgaard såg potensialet i KI tidlegare enn dei fleste. Det same året som nokre svært kjende amerikanarar grunnla selskapet bak ChatGPT, OpenAI, i 2015, starta ho Iris.ai, som ho kallar Noregs første KI-oppstartsselskap.

Sjølv om teknologar på dette tidspunktet visste at utviklinga av kunstig intelligens på mange vis hadde komme langt, var det for dei fleste av oss fjernt at vi ti år seinare skulle kunne opne ein app på mobilen og få oppskrifter baserte på innhaldet i kjøleskapet, reiseråd til sommarferien eller rapportar oppsummerte i ti punkt, alt på nokre få sekund.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement