JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Frå Løvebakken til grasrota

ØRLAND/TRØNDELAG: På eit jorde i Ervika syng Ap-folk med den røysta dei har. Konferansier for kvelden er Noregs mest kjende lokallagsleiar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tidlegare Ap-nestleiar Trond Giske, no i rolla som konferansier på allsongarrangementet i Ervika i Ørland. På biletet trekkjer dei vinnarane av lotteriet denne ettermiddagen.

Alle foto: Christiane Jordheim Larsen

12754
20220902
12754
20220902

Politikk

christiane@dagogtid.no

«Trondhjem, Trondhjem, at æ reist ifra dæ, at æ koinne finn på nokka slekt! Når æ tænke på ka godt du ga mæ, e de’ som æ læste dekt!»

Eit kor på nærmare 30 personar, dei fleste eit godt stykke opp i åra, syng med innleving og kraft ei mollstemt kjærleiksvise om byen dei kjem frå.

Det er Trondheim Aps allsongkor, sett saman av medlemer i lokallaga Nidaros sosialdemokratiske forum og seniorpolitisk utval, som no får skine på allsongarrangement i regi av Ørland Arbeidarparti.

Ap-koret har fare med turbuss frå Trondheim til Fosenhalvøya, der dei har vitja Austråttborga og ete fiskesuppe på Hovde gård. No har dei nådd høgdepunktet på turen – songframføringa på ein fotballbane i Ervika i Ørland.

Fotballbanen er liten for Google Maps, men ikkje for Trond Giske. Den tidlegare Ap-nestleiaren har vore turleiar for følgjet frå Trondheim og syng for full hals frå scena, der han elles har rolla som konferansier.

Han har gjort oss merksame på at visa går i A-moll. Utan, seier han, at det på nokon som helst måte skal knytast til meiningsmålingane i Arbeidarpartiet.

Ny maktposisjon

Kva gjer eg her? Eg er ikkje komen for å syngje, men for å få nokre svar på kvifor folk strøymer til lokallaget Giske leier. Då Giske tok over som leiar i Nidaros sosialdemokratiske forum, eit lokallag i Trondheim Ap, før jul i fjor, hadde det berre 16 medlemer. Sidan har over 800 personar meldt seg inn, og no har det status som det største Ap-laget i landet. Eg lurer også på kva Giske vil med leiarvervet sitt, og kva makt han kan få som leiar for det største lokallaget i landet.

Så vart eg lokka hit av ein invitasjon som er gått ut til alle medlemer i Nidaros og seniorar i Trondheim Ap, og som eg oppdaga på Facebook-sida til lokallaget: «Da Bjugn og Ørland ble slått sammen, fikk noen i AP lokalt den geniale idéen å arrangere ’Allsang på grensen’ for å sveise de to kommunene sammen og for å ha det moro! På et jorde på grensen satte de opp scene, inviterte lokale artister, både unge og gamle, og folk i de to kommunene til allsang. Trond har vært konferansier på allsangen, og kan melde om hundrevis av deltakere, flotte lokale sangere og musikere og stor stemning. En opplevelse!»

Helst ville eg sitje saman med songfuglane i bussen, men nei, det var ikkje aktuelt, fekk eg vite då eg fekk Giske på tråden nokre dagar tidlegare.

– Dette er ikkje folk som er vane med media, sa Giske.

Men alt på ferja over Trondheimsfjorden til Fosenhalvøya, møter eg nye medlemer som meir enn gjerne snakkar om Nidaros sosialdemokratiske forum.

Frå fagrørsla

– Alle vil vere med han Trond, forklarer Sven Bruheim der han sit ved eit bord på ferja i lag med turkamerat Magnus Aastrøm.

Begge har bakgrunn frå fagrørsla, får eg vite, men medan Aastrøm lenge har vore Ap-medlem og no har skifta lokallag for å vere med i Nidaros, er Bruheim nyrekruttert til partiet etter fleire tiår utanfor partipolitikken.

– Då Trond dukka opp, var det ingen tvil. Politikken hans ligg så nær mine standpunkt, seier han.

Aastrøm seier seg samd. Hans inntrykk er at alle eigentleg er opptatt av politikk og har eit engasjement. Sjølv vart han trekt til Nidaros-laget fordi han kjende seg att i verdigrunnlaget og oppfatta at laget gav rom for open debatt.

– Trond er utruleg flink til å formulere seg på ein folkeleg måte. Mange slit med å forstå kva politikarar snakkar om. Men Trond er oppteken av at dei skal forstå, og av at dei spør om dei ikkje forstår.

Aastrøm synest Arbeidarpartiet har vorte for utydeleg.

– I Nidaros er vi tydelege på kva vi meiner. Vi pakkar ikkje ting inn i glanspapir.

Kraft og pensjon

Så snart Giske tok over som leiar i Nidaros i fjor, trekte laget til seg medlemer – mange av dei med adresse milevis frå Trondheim. Og Giske gjorde det klart at lokallaget ikkje skulle vere som alle andre lokallag. Dei skulle ikkje først og fremst bry seg med lokale reguleringssaker, men løfte blikket og diskutere verdiar og ideologi.

Alt i slutten av januar kunne Adresseavisen fortelje at Nidaros hadde vorte det suverent største partilaget i Trondheim Ap. Partiet hadde då vakse frå sju til 323 medlemer frå eit år til det neste, og utgjorde med det nesten ein firedel av medlemsmassen i kommunepartiet. Det gjev lokallaget monaleg representasjon og makt i Trondheim Ap.

I løpet av våren skulle Giske og Nidaros markere seg sterkt i den politiske debatten om kraft og pensjon. I februar gjekk lokallaget inn for sterkare nasjonal styring over eksport av straum i dei etablerte utanlandskablane. I juni kravde dei to milliardar meir til pensjonistane, for å justere pensjonen i tråd med den gjennomsnittlege løns- og prisveksten.

Masseverving

Utspel om kraft og pensjon vart følgde opp med ein aktiv vervekampanje, med eit klart mål om å verte det største lokallaget i landet. «Større lokallag betyr sterkere stemme politisk», reklamerte Nidaros, som raskt nådde målet.

Men lokallagets eiga Facebook-side avdekkjer at ikkje alle innmelde har eit like varmt forhold til Ap og statsministeren. Enkelte ser ut til å sjå på Nidaros meir som eit protestforum enn som eit Ap-lag.

«Tror ikke Støre forstår hvor vi står når han takker og ønsker nye medlemmer fra Nidaros forum velkommen da jeg og trolig de fleste der er medlemmer som ønsker han bort», skriv eit nytt medlem.

Eit anna medlem skriv at han oppfattar Nidaros som eit samlingspunkt for folk som er frustrerte over «høgrepolitikken» Støre-regjeringa fører, og vyane om Noreg som batteri for Europa. Vedkommande vart overraska då han melde seg inn i Nidaros og vart ønskt velkomen til Ap av Jonas Gahr Støre, som han omtalar som ein arrogant politikar utan evne til å lytte til folk.

Fleire heiar på Giske og tek til orde for at han no må inn i varmen igjen, og inn i ein sentral posisjon i partiet att.

Støttegruppe

På Facebook finst det også ei svært aktiv støttegruppe for Trond Giske der folk vert oppmoda til å melde seg inn i Nidaros. Støttegruppa, administrert av ein mann som heiter Trygve Bauge, er oppretta for dei som ser på prosessen etter varsla mot Giske som ei heksejakt, og hadde denne veka nærmare 9500 medlemer.

Bauge skriv om klare mål for gruppa. Først å gjere Nidaros til det største lokallaget i Noreg, noko det altså er. Deretter å sikre Giske plass på lista framfor stortingsvalet i 2025. Det endelege målet er å få Giske inn i toppsjiktet i norsk politikk igjen.

Inntil vidare vert gruppemedlemene oppmoda til å støtte opp under politiske utspel der Giske kan stå fram som ein slags landsfader.

Sender signal

Eg spør Bruheim og Aastrøm om dei ser på Nidaros som ei alternativ røyst i Arbeidarpartiet.

– Eg vil ikkje seie alternativ røyst, men vi vil gje styringssignal oppover i partiet. Om vi seier noko i laget, melder Trond det vidare til ordføraren, fylkeslaget eller trøndelagsbenken på Stortinget, seier Aastrøm.

– Så får dei høyre på det største laget, kvitterer Bruheim.

– Har Giske ei framtid i rikspolitikken?

– Det trur eg – veldig! seier Bruheim.

– Om han vil tilbake til rikspolitikken, trur eg vi har bruk for han, seier Aastrøm.

– Jovial fyr

På fotballbanen i Ervika kan ein kjøpe kokt grillpølse i brød, søt gjærbakst og svart kaffi. Leiar i Ørland Ap Fredrik Sandness, kledd opp i raud Ap-trøye, forklarer veksten i Nidaros med den evna Giske har til å engasjere folk.

– Han er ute og snakkar med folk. Han bryr seg og tek opp spørsmål som folk er opptekne av. Nett no er det kraftpolitikken som står høgt i kurs.

– Er det politikken eller politikaren og personen Giske som trekkjer folk?

– Det er ei god blanding. Det er ingen tvil om at han er ein god politikar. Når du får ein sånn leiar, handlar det jo mykje om det. Folk føler at dei kjenner han.

– Eg tenkjer det same som Fredrik, seier nestleiar Irja Helen Døsvik, også ho i raud T-skjorte.

– Det har mykje å seie at det er han Trond. Han er ein jovial fyr som er genuint interessert i det ein har å seie.

Omstridd

Stemninga er god i Ervika denne søndagen. Fleire kritiserer Ap for å vere for utydeleg i viktige saker, men eg høyrer ikkje eitt vondt ord om Giske. Det inneber likevel ikkje at han er populær i alle krinsar i heimfylket.

Berre to år er gått sidan ungdomspolitikarar i Trøndelag AUF marsjerte ut av salen på årsmøtet i Trøndelag Ap då Giske skulle tale. Årsmøtet i 2020, som etter planen skulle ha valt Giske som fylkesleiar og markere at han var tilbake i toppolitikken, markerte i staden at metoo var kome til Trøndelag.

To lokalpolitikarar, Ellen Reitan og Sandra Skillingsås, fortalte om ein ukultur i Trøndelag Ap som dei bad partiet ta eit oppgjer med. Utspela gjorde at Trøndelag AUF trekte støtta si til Giske, som mista høvet til å kome seg tilbake i maktposisjon i partiet.

Men AUF-arane har ikkje kome i buss til Ervika denne søndagen. Dei fleste er, med respekt å melde, ein del eldre.

Eg spør Sandness kva han tenkjer om at Giske igjen har skaffa seg ein sentral plass i Trøndelag Ap når Trøndelag AUF tidlegare så klart har markert avstand til han.

– Ingen kommentar, seier han, men svarer likevel.

– Vert ein vald til leiar, er det ein demokratisk prosess. Eg har personleg vore tilhengjar av Trond heile vegen, for han er ein drivande dyktig politikar som Ap treng.

Giskes metode

Kva ser eg på fotballbanen i Ervika denne søndagen? Eg ser ein lokallagsleiar som pratar med alle som vil prate med han. Som lever seg fullt og heilt inn loddtrekninga. Som smiler, ler og klappar med hendene i vêret. Det er kanskje dette som er Giskes metode? For fem år sidan var han nestleiar i Arbeidarpartiet. No er han her, på ein grasplen i ei bitte lita grend. Er det her han skal samle tillit og finne vegen tilbake til makta?

Både i Trondheim og i Trøndelag er det nominasjonsprosessar på gang. Rita Ottervik vil i 2023 gje seg som ordførar etter 20 år i vervet. Tore O. Sandvik vil gje seg som fylkesordførar, også han etter 20 år. I ein pause, etter at Trondheim Aps allsongkor har sunge «Trondhjem, Trondhjem», spør eg Giske om han klør i fingrane etter å stille, men det avviser han kontant.

– Eg kjem heilt sikkert ikkje til å stille, seier han.

Heller ikkje framtidige tillitsverv vil Giske snakke om. Han har ingen planar, seier han, utover å levere ei masteroppgåve om veljaråtferd og å leie lokallaget som har vakse så kraftig.

– Det var ikkje planen at det skulle verte så svært, men det vart det.

Treft ein nerve

– Korleis forklarer du veksten?

– Eg trur vi har treft ein nerve. Planen med Nidaros er at vi skal snakke mindre om enkeltsaker og meir om ideologi. Politikk kan verke forvirrande, og folk slår kvarandre i hovudet med tal, statistikk og argument. Men til sjuande og sist handlar det om kva verdiar ein trur på, og kva samfunn ein vil ha. Det har vi løfta opp. Det å vere tydeleg på sosialdemokratiske verdiar har vist seg å vere veldig populært.

– Ser du på veksten som ei støtte til deg som politikar?

– Nei, eg ser det først og fremst som at vi har utløyst eit potensial for folk som vil engasjere seg. Laget skal vere ein plass der folk kan seie meininga si og kanalisere meiningane inn til dei som bestemmer. For bakgrunnen for populisme, høgrekrefter og antidemokratiske krefter er først og fremst ei kjensle av maktesløyse – at det er så langt til dei som bestemmer. Vi ønskjer å gjere den vegen litt kortare. Dei som vil vere med, kan melde seg inn hos oss, ta opp saker og verte høyrde.

Alltid Ap

– Eg har vore inne på nettsida dykkar, og ein del er kritiske til partileiinga i Ap. Kvifor trur du desse ser på Nidaros som eit alternativ?

– Det er nok særleg straumsaka. Dei par siste hundre medlemene har nok kanskje kome fordi dei ønskjer ein tydelegare kraftpolitikk og liker det vi har vedteke. Vi driv jo med politikk på fritida og får ikkje moderert sidene så aktivt som vi skulle. Men på sidene våre står det også om verdigrunnlaget i Nidaros: at vi diskuterer for å lære, ikkje vinne, at vi respekterer meininga andre har, og ikkje minst snakkar om oss sjølve og ikkje andre. Det er ikkje alle som klarer å halde like godt på det, så vi må kanskje fram med ein peikefinger i kommentarfeltet.

– Korleis handterer du at Trøndelag AUF har markert avstand til deg og er mot at du skal ha sentrale verv?

– Eg handterer ikkje det på nokon som helst måte. Eg jobbar i laget mitt, vi er mange hundre medlemer, og vi har det både hyggjeleg og interessant. Det trivst eg med.

– Du har ikkje vurdert eit anna parti enn Ap?

– Nei. Eg har vore medlem av Ap i 40 år neste år. Det skal eg feire i Ap.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det å vere tydeleg på sosialdemokratiske verdiar har vist seg å vere veldig populært.

Trond Giske, lokallagsleiar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis