JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Frå Kirkenes liknar sanksjonane hykleri

Sidan 24. februar 2022 har Noreg importert aluminiumsprodukt med opphav i Russland for 213 millionar dollar, eller over 2,3 milliardar norske kroner.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
RUSSISK HAV: Kirkenes-samfunnet har bygd opp ein stor industri på russisk maritim aktivitet gjennom mange år.

Foto: Amund Trellevik

4919
20231027
4919
20231027

Sanksjonar

redaksjonen@dagogtid.no

– Europa vernar om sin industri, medan vi i Noreg driv med symbolpolitikk, seier industrileiar Greger Mannsverk i Kirkenes.

For Noreg gjeld dette særleg aluminiumsprodukt. Aluminium vert utvunne frå bauksitt, som blir rekna som eit kritisk og strategisk viktig mineral. Sidan 24. februar 2022 har Noreg importert aluminiumsprodukt med opphav i Russland for 213 millionar dollar, eller over 2,3 milliardar norske kroner.

Det meste av dette har gått gjennom dotterselskap av aluminiumsgiganten Rusal, RTI Limited og RS International.

Rusal er eigd av oligarken Oleg Deripaska, som har ein formue på 2,5 milliardar dollar, ifølgje Forbes. Deripaska har tette band til russiske styresmakter og er også under sanksjonar frå USA og EU.

Rusal nyttar selskap i skatteparadis for import til Europa (sjå hovudsak). RTI Limited på Jersey er importør av aluminiumsprodukt til Noreg for 147 millionar dollar, eller over 1,6 milliardar norske kroner. RS International, med base i Sveits, er importør av det same til ein verdi av 53 millionar dollar, eller rundt 585 millionar norske kroner.

Noreg følgjer EU sitt sanksjonsarbeid tett, seier statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet.

Om nye sanksjonar mot Russland blir vedteke i EU, vil norske styresmakter raskt vurdere å slutte seg til.

– Det er ikkje hemmeleg at handtering av «smutthol» og risiko for omgåing er sentrale spørsmål for vidareutvikling av EU sine sanksjonsreglar, seier Petersson.

Les også: «Kjøper kritiske russiske råvarer trass i sanksjonar»

Presiserte reglar

Verftet Kimek i Kirkenes har dei siste åra omsett for rundt 100 millionar kroner årleg på vedlikehald av russiske fartøy. Med nokre få nasjonale tilpassingar støttar Noreg opp om alle EU-sanksjonar mot Russland. Det er ikkje forbod mot russiske nyhendekanalar som RT og Sputnik i Noreg, som i resten av EU, og russiske fiskefartøy har lov å leggje til i tre hamner: Kirkenes, Båtsfjord og Tromsø.

Men vedlikehald av skipa er omfatta av sanksjonane, presiserte regjeringa i mai. For Kimek slo dette hardt ut. I august vart 20 tilsette sagde opp.

No jobbar Mannsverk med å omstille verksemda, som framleis har 60 tilsette.

– Sjølvsagt skal vi ta avstand frå den forferdelege krigen. Men det må innførast sanksjonar som fungerer, seier Mannsverk.

Han viser til den tyske næringsministeren Robert Habeck, som i sommar åtvara om at tysk industri kunne bli hardt ramma dersom tilførselen av russisk gass stansar neste år. Bakteppet er ein avtale om transitt av russisk gass gjennom Ukraina som går ut neste år. Om avtalen ikkje vert forlengd, kan konsekvensane bli store, meinte Habeck.

– Dei europeiske sanksjonane er eit spel for galleriet. EU har ikkje skrudd til sanksjonar som vil gjere vondt for europeisk industri. Dette er hyklersk, seier Mannsverk.

Kompliserte sanksjonar

Sanksjonar er diverre ikkje rettferdig fordelte, seier Berit Lindeman, generalsekretær i Helsingforskomiteen. Historisk sett finst det berre eitt døme på meir eller mindre komplette sanksjonar, og det var mot apartheidregimet i Sør-Afrika.

– Så lenge vi ikkje har totale sanksjonar, er det nokon som vert ramma, og andre som slepp unna. Sanksjonar er jo komplisert, og mange omsyn må takast. I EU må ein ha konsensus. Men USA har også unnlate å sanksjonere olje og gass av frykt for høge prisar på verdsmarknaden, seier Lindeman.

EU er mindre avhengig av russisk gass i dag enn før invasjonen i Ukraina var eit faktum i februar 2022. Men framleis er EU den viktigaste einskildmarknaden for russisk gass, ifølgje den finske tankesmia Senter for forsking på energi og rein luft (CREA).

Verken gass i røyrleidningar eller LNG (flytande naturgass) er ulovleg å importere. Sidan desember i fjor har 50 prosent av russisk LNG-eksport og 41 prosent av rørleidningsgassen gått til EU.

Austhandelskammeret

Import til Europa av russisk kopar, nikkel og aluminium har gått ned dei siste to åra. Men i same periode har inntektene frå nikkel og aluminium halde seg stabile, viser handelsdata frå FN. Russland selde nikkel til EU for 1 milliard dollar i første halvår 2021 og for 1,1 milliardar dollar to år seinare.

Norsk-russisk handelskammer vart etablert i 2003. Då Russland invaderte Ukraina i februar i fjor, hadde det mellom 80 og 100 medlemmar.

Sidan har organisasjonen endra namn til Austhandelskammeret. No driv dei i all hovudsak med handel med Balkan, Baltikum og Tyrkia.

– Eg kjenner ikkje til at nokon av våre medlemmar har noko med Russland å gjere, sett bort frå fiskerisamarbeidet, som ikkje er under sanksjonar, seier Hans-Olav Rekdal, dagleg leiar i Austhandelskammeret.

Det kan ta lang tid før Russland igjen blir eit land å handle med, trur han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis