Landbruk

Frå idealbonde til opprørar

I 2014 fekk Tor Jacob Solberg tittelen Årets unge bonde, fordi han satsa og inspirerte andre til å gå inn i landbruket. I dag spør han seg om han har lurt unge inn i ei fattigdomsfelle.

Tor Jacob Solberg drøymde tidleg om eit liv som bonde. I dag driv han gard med jord frå elleve gardar, men millioninvesteringane kastar lite av seg.
Tor Jacob Solberg drøymde tidleg om eit liv som bonde. I dag driv han gard med jord frå elleve gardar, men millioninvesteringane kastar lite av seg.

– Vi er midt i våronna. Dette er ein av dei travlaste dagane i heile året, seier Tor Jacob Solberg, då Dag og Tid troppar opp på gardstunet hans i Skiptvet i Østfold.

Han set seg ikkje ned, men har mykje på hjartet. Andletet er alvorleg. I lufta ligg det ein søt eim av kumøk og hardt arbeid. Eit kvitmalt gardshus med husker, barneleiker og andedam kunne på eit anna tidspunkt gjeve ei kjensle av idyll. Men vi er ikkje her for å koseprate og helse på kalvane.

Vi er her for å snakke med ein bonde i opprør. Ein bonde som er lei av ta opp gjeld, investere, ta risiko, jobbe over 3000 timar i året og ofre tid med familien, men likevel sitje att som lønstapar i samfunnet. Ein bonde som er lei av politikarar som lèt seg avbilde med kyr og kjem med lovnader til bøndene utan å leve opp til dei med budsjettmidlar.

– Vi ber om at likesæla tek slutt. Det hyggelege er slutt. No er det alvor. Det er opprør, seier han.

Eventyrstund

Tor Jacob Solberg er ein av fem bønder som står bak oppropet #Bondeopprør21, som tysdag hadde fått over 21.000 signaturar. Dei er busette i Trøndelag, Innlandet, på Vest- og på Austlandet, men har det til felles at dei er er unge folk som har satsa mykje. «Vi krever at den norske bonden skal ha en økonomi som gjør oss i stand til å produsere trygg norsk mat nå og i framtiden. Slik er det ikke nå», skriv dei i oppropet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement