Frå halleluja til gråt i Sverige
Den svenske regjeringa kan ikkje seia at dei ikkje visste korleis dette ville gå, seier Claes Arvidsson.
Ei motviljug svensk regjering har nett strama inn i asylpolitikken. Landet har teke imot 120.000 asylsøkjarar i år, og grensa er nådd for kva dei kan greia.
–?Åsa Romson (MdG) byrja mest å gråta under pressekonferansen førre veke då ho skulle tala om innstraminga i asylpolitikken som no går føre seg i Sverige. Kva tenkjer du om det?
–?Både Åsa Romson og talerøyret hennar, Gustav Fridolin, som seier at han «skiter i opinionen», kan ein gjera seg ulike tankar om. Eg kan skjøna at frå deira ståstad ville dei ikkje ha denne politiske endringa. Men dei representerer regjeringa, og då får dei stå inne for politikken som regjeringa har teke ei avgjerd om, i staden for å underminera han.
–?Kvifor venta den svenske regjeringa så lenge med å strama inn? Det må da ha vore openbert at innvandringa ikkje kunne halda fram i eit slikt tempo?
–?Jau, yndlingsomgrepet til Stefan Löfven er å seia at «vi har varit för naiva», og det er jo mildt sagt å underkjenna seg sjølv og regjeringa, for så seint som i august fanst det liksom ikkje grenser for kva ein kunne greia, og i byrjinga av oktober hadde dei eit hallelujamøte der dei proklamerte at «nu ska vi bygga Sverige tillsammans». Men det er jo heilt gale å seia at ein ikkje kunne føresjå korleis det skulle gå. Ein kunne ikkje vita det nøyaktige talet på den enorme mengda av flyktningar og migrantar som ville koma i haust, men derimot måtte ein skjøna at systemet ville koma under press, for det var under press alt før dette byrja. No er det systemkollaps.
–?At den svenske venstresida skulle ha ynskt å føra ein slik politikk, er ikkje særleg oppsiktsvekkjande. Men kva med høgresida – kva fekk dei borgarlege til å gå inn for dette?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.