Fotens fordelNederlendarane er det folket i Europa som rører seg mest. Det er overskrifta i nederlandske aviser. 80 prosent av nederlendarane syklar, går eller sym kvar veke, medan gjennomsnittet i Europa er halvparten, 44 prosent. Tala kjem frå undersøkin
Nederlendarane er det folket i Europa som rører seg mest. Det er overskrifta i nederlandske aviser. 80 prosent av nederlendarane syklar, går eller sym kvar veke, medan gjennomsnittet i Europa er halvparten, 44 prosent. Tala kjem frå undersøkinga «Eurobarometer». Noreg er ikkje med i EU og difor ikkje med i undersøkinga.
Eg trur nordmenn rører seg mykje òg, men på ein annan måte. Eg har hollandsk blod i årene, og det synest på kroppen: Eg er meir hengslete enn dei norske slektningane mine. Nederlendarane er det lengste folket i Europa. Å sykle høver difor kroppen min godt.
Dei norske forfedrane mine sykla ikkje, dei var heller ikkje store gangarar. Dei rodde i fjordane og sunda. Om det er råd å tala om ulike europeiske etniske evolusjonar, så meiner eg desse to ulike «rørslekulturane» har forma kroppen vår. Der nederlendaren er lang- og breiskanka, er det norske kystmennesket tunnskanka. Onklane mine i Nord-Noreg går skjortelause om sumaren og viser fram den muskuløse overkroppen. Eg går omvendt, med stuttbrok, og syner fram dei hollandske skeiserennlåra. Overkroppen er ikkje mykje å skryte av.
Eg minnest gamle fiskarar irritere seg over folk som «gjekk i trollheiten», altså folk som gjekk på tur. Kreftene skulle brukast til roing, bøting, dorging og ljåslått. Kva gjorde føtene i denne tida? Dei stod pal. I same tidsrom svinga hollendaren seg frå kanal til kanal i spenstige skeiserennfråspark. Armane deira hang derimot slapt til sides.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.