Økonomi
Forvirringa om namnet Hurtigruta/Hurtigruten
Når «Hurtigruta» har over hundre års hevd som namn på ei båtrute, er det villeiande at eit selskap kan ha dette namnet.
Hurtigruta er ei passasjer-, post- og godsrute som i meir enn hundre år har sigla mellom Bergen og Kirkenes. Hurtigruten AS er eit firmanamn.
Då media nyleg tok til å melde om koronautbrot «på Hurtigruten» og «på hurtigruteskipet Roald Amundsen», oppfatta truleg dei fleste det slik at utbrotet var på eit av skipa som går i den daglege ruta Bergen–Kirkenes. Det er jo det Hurtigruta/Hurtigruten betyr allment på norsk, jamfør til dømes Wikipedia: «Hurtigruta er ei passasjer-, post- og godsrute som siglar frå Bergen til Kirkenes». Men utbrotet var altså på eit Svalbard-cruise med utgangspunkt i Tromsø.
Reiarlag
Bakgrunnen for den forvirrande namnebruken er ein glipp som skjedde på midten av 2000-talet. Det aller meste av tida frå starten i 1893 og til no har fleire reiarlag delt på drifta av Hurtigruta, med nokre skip kvar. På midten av 2000-talet var det to, nemleg Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab og Troms Fylkes Dampskibsselskap. Så fusjonerte dei i 2006, og det vart berre eitt. I samband med det klarte det nye storreiarlaget å kapre namnet Hurtigruten – fyrst som Hurtigruten Group AS frå 2006, så Hurtigruten AS frå 2007.
Dermed var det gjort. Etter neste anbodsrunde, i 2017–18, vart det atter to reiarlag som skulle dele på ruta, frå 2021, nemleg Hurtigruten AS og Havila Kystruten. Men i denne runden hevda Hurtigruten AS at dei åtte namnet Hurtigruta/Hurtigruten, at det var deira private merkenamn. Det godtok Samferdsledepartementet, og det som i allmennspråket heiter Hurtigruta, fekk offisielt namnet Kystruten Bergen–Kirkenes».
Etter dette er det ikkje lenger mogeleg å «reise med Hurtigruta», formelt sett, sjølv om båtruta går som ho har gjort i over 100 år. Eit over hundreårig namn på ei båtrute er kapra som firmanamn, slik at båtruta på eit vis står utan namn.
Namnet folk brukar, er uoffisielt. Samferdsledepartementets namn er det svært få som veit om, og det er det heller ingen av dei involverte selskapa som brukar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.