Utanriks

Fortvilte menneske som brikker i eit spel

Den kviterussiske presidenten er ikkje den einaste som dreg nytte av lidingane til asylsøkjarane på grensa til Polen.

Polske soldatar og politifolk vaktar grensa mot Kviterussland nær Kuznica. Den polske reaksjonen på krisa har vore katastrofal, skriv Anne Applebaum.
Polske soldatar og politifolk vaktar grensa mot Kviterussland nær Kuznica. Den polske reaksjonen på krisa har vore katastrofal, skriv Anne Applebaum.
Publisert

Ein liten kurdisk gut sit på bakken i ein fuktig polsk skog, nokre kilometer frå den austlege grensa til Kviterussland. Den kalde lufta er tjukk av tåke. Guten græt.

Kring guten sit dei i ring, foreldra, onklar og syskenborn, alle frå den same landsbyen i nærleiken av Dohuk i irakisk Kurdistan. Det er 16 av dei, blant desse sju born, eitt som er fire månader gamalt, og ei eldre kvinne som knapt kan gå. Ein av slektningane, ein mann som heiter Anwar, snakkar arabisk. Gjennom ein tolk seier Anwar at familien har vore i skogen, i rørsle fram og attende mellom Polen og Kviterussland, i to månader. Dei har ikkje ete noko på to dagar.

Ein annan ring omgjev guten og familien hans, i denne ringen er det folk med kamera. Dei som held kameraa, er frå Polen, Sverige, Slovenia, Tyskland, Japan, USA. Eg er ei av dei. Vi fekk alle den nøyaktige plasseringa av Grupa Granica, ein polsk organisasjon av friviljuge skipa i dei siste par månadene for å hjelpe migrantar, namnet tyder rett og slett «Grensegruppa». Talspersonen for gruppa seier at dei ønskte så mange journalistar som mogleg til å dokumentere det som skjer når Anwar ber dei polske grensevaktene om asyl ved hjelp av ein plakat på engelsk og polsk. Tolken, Sypianski, forklarer at med media til stades vil det vere vanskelegare for dei polske grensevaktene å oversjå ønsket. Det vil ikkje vere like lett å tvinge Anwar, guten og resten av familien inn i skogen att, attende til grensa, slik dei har tvinga andre, liknande familiar attende mot grensa dei seinaste vekene.

Tragediar

Scenen gjev eit falskt inntrykk av å vere velkjend, ettersom alle vi i Vesten har sett denne kombinasjonen av spelarar – migrantar, journalistar, humanitære friviljuge – på fotografi eller på fjernsyn tidlegare. Men den rada av hendingar som har ført akkurat denne vesle guten til akkurat denne skogen, er svært merkeleg, når ein tenkjer over det. Det skulle så mange tragediar til for å skape grunnlaget for det, inkludert krigar i Irak og Syria, framveksten av islamsk ekstremisme, og det mislukka demokratiet i Kviterussland. Enda merkelegare er det at lagnaden til denne guten blir avgjord av dei politiske reknestykka til to personar han aldri vil møte, og som han ikkje kjenner namna til. Ein av dei er Aleksandr Lukasjenko, Kviterusslands diktator. Den andre er Jaroslaw Kaczynski, leiaren for det polske regjeringspartiet, den faktiske leiaren av landet, mannen som fortel den polske presidenten og statsministeren kva dei skal gjere.

Diktatoren

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement