Forsvaret mot bakteriar raknar

Verda har ikkje fått noko nytt antibiotikum på 27 år, og stadig fleire bakteriar blir resistente.

Publisert Sist oppdatert

Kan vi sjå for oss ei verd utan effektive antibiotikum, der menneska igjen er i livsfare om vi får lungebetennelse, infiserte sår eller andre infeksjonar som i dag er enkle å behandle? Tanken er uhyggjeleg, men det er på høg tid å tenkje han. For medan bakteriane stadig utviklar seg, har vi menneske nesten slutta å ruste oss. Vi kjempar framleis mot bakteriar med same våpen som vi gjorde på 1970-talet. Det løner seg nemleg ikkje å utvikle nye antibiotikum.

–?Eg er redd vi ikkje ser alvoret før det er for seint. Lungebetennelse og andre vanlege infeksjonar vil vere livsfarlege om 10–20 år om vi held fram som no, seier Dag Berild. Han er seksjonsoverlege ved Infeksjonsmedisinsk avdeling ved Oslo universitetssjukehus.

–?Eg har jobba med antibiotikabruk og resistens dei siste 20 åra, og situasjonen blir verre og verre. Alt no døyr det veldig mange rundt i verda av infeksjonar med antibiotikaresistente bakteriar.

Katastrofalt

I USA er det truleg kring 23.000 slike dødsfall årleg, i EU er anslaget 25.000. Men slike tal er berre toppen av isfjellet, meiner Berild.

–?Om vi ikkje får nye typar antibiotikum og ikkje klarer å redusere bruken av dei stoffa vi har i dag, kan vi stå overfor ein katastrofe om berre 10–20 år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement