Forsvarar Widerøe-kutta

I staden for å hisse oss opp over Widerøe-kutta burde vi diskutere om vi eigentleg treng ei flyrute frå Evenes til Bodø, seier Espen Andersen ved Handelshøyskolen BI.

Widerøe legg ned 4000 avgangar i kortbanenettet. For Hammerfest flyplass, som biletet er frå, vil det bety eit ettermiddagsfly mindre frå Tromsø måndagar, tysdagar, onsdagar og torsdagar.
Widerøe legg ned 4000 avgangar i kortbanenettet. For Hammerfest flyplass, som biletet er frå, vil det bety eit ettermiddagsfly mindre frå Tromsø måndagar, tysdagar, onsdagar og torsdagar.

Widerøes avgjerd om å kutte 4000 avgangar årleg i kortbanenettet har vorte møtt med både irritasjon og kritikk. Fyrsteamanuensis Espen Andersen ved Handelshøyskolen BI meiner kutta er både forståelege og udramatiske.

– Widerøe har rundt 450 avgangar og landingar kvar dag. Det dei no skal kutte, svarar til 13–14 avgangar dagleg, og utgjer berre 3 prosent av totalen for selskapet og 15 prosent av det kommersielle tilbodet i kortbanenettet. Det er ikkje dramatisk. Det er heller ikkje slik at det vert totalt slutt på flytrafikken på alle strekningane. For mange er det slik at der dei til dømes har floge tre gonger om dagen før, skal dei no flyge to.

– Synest du at dei som før har floge frå Evenes til Bodø og no reagerer på at dei må om Oslo for å flyge same strekninga, overreagerer?

– Widerøe er eit kommersielt flyselskap, og vi kan ikkje krevje at dei skal tape pengar på å flyge. To tredjedelar av drifta er kommersiell, i tillegg betalar staten selskapet litt over 700 millionar i året for å fly strekningar der det er for få passasjerar til kommersiell drift. Men Widerøes problem er at selskapet ikkje tener mykje pengar. Det har gått med underskot på drifta eit par år og har absolutt ikkje råd til å drive med subsidiering av kommersielle flygingar. Selskapet har òg gamle fly som både er dyrare i drift, og som kjem til å måtte skiftast ut. Då treng dei å byggje seg opp pengar til å byte, og difor må dei gjere det dei no gjer.

– Er desse 4000 avgangane noko som bør vurderast berre ut frå bedriftsøkonomi?

– Det du eigentleg spør om, er om ikkje Widerøe burde gå med underskot slik at folk kan få fly. Det bør dei ikkje. Når det ikkje er nok folk som flyr direkte mellom Evenes og Bodø, kan ein heller ikkje vente at det skal vere eit flytilbod der. I så fall må staten inn for å subsidiere den ruta òg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement