JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

8034
20240524

Bakgrunn

Ei rekkje norske utdanningsinstitusjonar tek for tida stilling til om dei kan halde fram samarbeid med israelske utdanningsinstitusjonar samstundes Israel bombar Gaza.

Førre veke vedtok styret ved Universitetet i Oslo at akademisk boikott av Israel ikkje var føremålstenleg.

I Bergen har universitetsstyret heller ikkje gått inn for boikott, men Det juridiske fakultetet vedtok i mars å seie opp ein studentutvekslingsavtale med Universitetet i Tel Aviv.

Vedtaket ved fakultetet vart gjort med knapt fleirtal, og er seinare forsøkt omgjort, utan at det gjekk gjennom i fakultetsstyret.

Ved Universitetet i Oslo har boikott-tilhengjarar òg opna for at det kan vere aktuelt å ta initiativ til ein ny runde med diskusjon om saka, ifølgje nettavisa Uniforum.

Akademisk boikott

eva@dagogtid.no

Som Dag og Tid skreiv førre veke, har jussprofessor Eirik Holmøyvik ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen prøvd å få omgjort eit fakultetsstyrevedtak om å seie opp ein studentutvekslingsavtale med Universitetet i Tel Aviv. Han meiner avtalen vart sagd opp utan prinsipiell vurdering i forkant og utan at saka var godt nok utgreidd, og stiller seg òg spørjande til at avgjerder om akademisk boikott vert gjorde på fakultetsnivået.

– Spørsmålet er om vi på fakultetsnivået har ressursar til å undersøkje og ta stilling til etiske brot på standardar, sa han til Dag og Tid.

Professor i folkerett og styreleiar i den norske avdelinga av Den internasjonale juristkommisjonen, ICJ, Terje Einarsen, som var for vedtaket gjort i Bergen, meiner derimot det ligg føre meir enn nok informasjon til å gjere klare vedtak om å boikotte samarbeid med israelske universitet.

– Overgrepet som går føre seg mot palestinarane på Gaza, er i seg sjølv eit viktig argument for å avslutte samarbeidet. Det dreier seg om ufattelege handlingar som også folkerettsdomstolen, både i januar og i mars, har vurdert som mogleg folkemord. I tillegg har du det enorme og brutale åtaket på akademia i Gaza. Mange meiner det i seg sjølv er nok til at akademia i Noreg må ta tak. Og som eit tredje element kjem spørsmålet om kva rolle universitetet i Israel har i krigen, seier Einarsen.

Han seier det i fyrste omgang dreier seg om etisk baserte argument eller omsyn, men at det i forlenginga òg reiser seg spørsmål om etisk ansvar.

«Ein annan ting er om avtalen med det israelske universitetet i det heile burde ha vore inngått.»

Terje Einarsen, jussprofessor

– Innanfor demokratiet

Slik Einarsen ser det, var det altså ikkje naudsynt for fakultetet i Bergen å ta stilling til om universitetet i Israel sjølv støtta krigsbrotsverk eller ikkje, for å seie opp avtalen. Den folkerettslege og menneskerettslege situasjonen på Gaza ville vore grunn god nok – slik også Russlands åtak på Ukraina i 2022 burde vore god nok grunn til å bryte institusjonelt samarbeid med russiske universitet, seier han.

Einarsen syner til at studentutvekslingsavtalar generelt vert inngåtte og avslutta av universitetsleiinga utan at universitets- og fakultetsstyra nødvendigvis har eit ord med i laget, og utan at det treng å skape reaksjonar.

– At eit styre så tek opp ein slik avtale til diskusjon, er heilt innanfor universitetsdemokratiet. Likeins at det kan vere ulike syn internt i styret. Det kan òg vere spesifikke etiske omsyn som er vektlagde ulikt av dei enkelte i styra, seier han.

6000 i forsvaret

I eit innspel til fakultetsstyremøtet som vedtok å seie opp avtalen, argumenterte Einarsen for at kjernen i saka var forhold ved det israelske universitetet, sett i kontekst av israelsk folkemord eller brotsverk mot menneskeslekta. Han skreiv at Universitetet i Tel Aviv lenge hadde støtta ulovleg okkupasjon og krenkingar av palestinsk sjølvråderett, og i seinare tid også har «støttet israelsk folkemord og/eller forbrytelser mot menneskeheten i Gaza».

Holmøyvik meiner på si side det ikkje er lagt fram informasjon som tilseier at universitetet i Tel Aviv støttar krigsbrotsverk på institusjonelt nivå. Same konklusjon vert indikert av fakultetsleiinga i Bergen, som har stadfesta at fakultetet ikkje har indikasjonar på at det faglege nivået eller omsynet til akademisk fridom ved Universitetet i Tel Aviv tilseier at utvekslingsavtalen bør avsluttast.

Einarsen syner til at den jødisk-israelske akademikaren Maya Wind i boka Towers of Ivory and Steel har dokumentert at israelske universitet er tett innvovne i staten og vert brukte som instrument for å halde oppe okkupasjon og undertrykking.

– Eg var òg tidleg inne og såg på nettsidene til Universitetet i Tel Aviv, som for meg stod fram som rein propaganda for den såkalla operasjonen på Gaza. Det vart elles opplyst at over 6000 tilsette og studentar ved universitetet var med i det israelske forsvaret, IDF. Dette er folk som, dersom det Israel driv med er brotsverk mot menneskeslekta, medverkar til brotsverka. I tillegg kjem den økonomiske støtta universitetet bidreg med til studentar som vert skrivne ut til militærteneste, seier han.

Han meiner Holmøyvik bagatelliserer overgrepa mot palestinarane når han i intervju med Dag og Tid seier at krigen i seg sjølv ikkje nødvendigvis er ulovleg, og jamfører Tel Aviv-universitetets tilknyting til IDF med norske professorar som òg gjer teneste i Forsvaret.

Terje Einarsen

Terje Einarsen

Avviser ulik behandling

Slik han ser det, har Holmøyvik heller ikkje rett i kritikken om at fakultetsstyret forskjellsbehandlar når det seier opp avtalen med Israel, men ikkje liknande avtalar med universitet i Russland og Kina.

– Russland er under sanksjonsregime, slik at alle avtalar med russiske universitet er stoppa. Det juridiske fakultet i Bergen har dessutan berre éin avtale i Russland, og i fakultetsstyremøtet vart det opplyst at den går ut no i 2024 og ikkje kjem til å verte fornya. Utfallet andsynes både Russland og Israel er i praksis altså det same.

– Kva med Kina?

– Det er ein eigen diskusjon, men der har det ikkje kome opp nye og heilt spesielle forhold no, så det kan ikkje jamførast med situasjonen på Gaza.

– Men Kina vert og skulda for folkerettsbrot?

– Ja, og eg er samd i at ein alltid bør kunne gjere etiske vurderingar av institusjonelt samarbeid, men eg har ikkje sterke oppfatningar om vi bør bryte med Kina eller ikkje no. Det er ei rekkje ting som må undersøkjast nærare for å ha grunnlag for å bryte. Det ligg vesentleg meir opplysningar oppe i dagen om det som har skjedd i Palestina og Israel sidan 7. oktober. Ein annan ting er om avtalen med det israelske universitetet i det heile burde ha vore inngått. Israel var alt ei okkupasjonsmakt då avtalen vart inngått, seier han.

– Risikerer medverknad

«Det juridiske fakultet i Bergen må si opp avtalen med TAU (Tel Aviv University journ. merk.). Noe annet vil være etisk uforsvarlig og pådra risiko for straffbar medvirkning til folkemord. Det bør studentene i styret med et langt liv foran seg vite om», skreiv Einarsen i innspel til fakultetsstyremøtet før avtalen med det israelske universitetet vart sagd opp.

Etter kritikk frå seks studentar har han seinare vedgått at han burde formulert andre del av setning nummer to annleis. Han meiner like fullt at institusjonar som samarbeider med israelske institusjonar som universitet i Tel Aviv, risikerer å kunne verte assosierte med folkemord framover.

– Kva synest du då om at ditt eige universitetsstyre ikkje har gått inn for akademisk boikott av Israel?

– Slik situasjonen er på Gaza no, meiner eg universitet verda rundt er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneskeslekta om dei held på samarbeid med israelske universitet. Universitetsstyret burde såleis hatt ei anna tilnærming til debatten og lagt mykje større vekt på dei etiske omsyna. På den andre sida har eg òg sansen for at dei delegerer slike avgjerder til fakulteta, som kan vere dei næraste til å vurdere konkrete samarbeid, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ordskifte

Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

ErikKlepsvik

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis