Helse
Forsvarar privat tilbod
– Dei som får tilbod om NIPT gjennom private aktørar, skal få eit fagleg forsvarleg tilbod, seier statssekretær Maria Jahrmann Bjerke i Helsedepartementet.
Då Helsedirektoratet i fjor haust greidde ut korleis tilbodet om tidleg ultralyd og NIPT kunne innførast i helsetenesta, fekk dei innspel frå eit breitt samansett fagmiljø.
Fagfolk frårådde at private aktørar skulle kunne tilby NIPT, og meinte òg at analysane av fostertesten burde gjerast ved offentlege medisinsk-genetiske avdelingar.
Ingen av dei to råda er følgde opp av regjeringa. I godkjenningsordninga for private som ønskjer å tilby NIPT, går det fram at dei kan inngå analyseavtale med private laboratorium òg.
Dei regionale helseføretaka har bede departementet om høve til å kunne tilby NIPT til gravide under 35 år mot eigenbetaling for pasienten, men ønsket vart avvist utan grunngjeving.
Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H) i Helse- og omsorgsdepartementet seier vedtaket frå Stortinget prioriterer offentleg finansiering, der den gravide har auka risiko for å få barn med kromosomavvik.
– I helsetenesta er det vanleg å prioritere ressursar til dei som har størst risiko for sjukdom. Dette er bakgrunnen for at NIPT for gravide som ikkje har auka risiko for trisomiar, berre skal tilbydast i privat regi, svarar ho Dag og Tid i e-post.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.