JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ForsvarSamfunn

– Forsvaret verkar ikkje

Forsvarskommisjonen påpeikar berre misforholdet mellom situasjonsskildringa vi opererer med, og den faktiske innsatsen og ressursbruken på Forsvaret, seier forskar Magnus Håkenstad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Onsdag denne veka la Knut Storberget fram rapporten frå den regjeringsoppnemnde forsvarskommisjonen.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

5278
20230505

Samtalen

Magnus Håkenstad

forskar ved Institutt for forsvarsstudium

Aktuell

Rapporten frå Forsvarskommisjonen

eva@dagogtid.no

30 milliardar kroner meir årleg inn på forsvarsbudsjettet med det same og endå 40 milliardar kroner meir årleg dei neste ti åra, betre styring og leiing av forsvarssektoren, ei oppdatering av tryggings- og forsvarspolitiske mål og oppgåver, og ein auke av personalet i Forsvaret med om lag 20 prosent på relativt kort tid. Det er ikkje småtteri som vart tilrådd frå den regjeringsoppnemnde forsvarskommisjonen onsdag denne veka.

– Dagens politikk står fram som direkte uansvarleg, sa kommisjonsleiar Knut Storberget.

Magnus Håkenstad er forskar ved Institutt for forsvarsstudium.

– Er situasjonen verkeleg så kritisk som Storberget skildrar?

– Slik eg ser det, ja. Det er også den utbreidde oppfatninga i forsvarsbransjen og internasjonalt. Skildringa samsvarar med det vi har lese i langtidsplanar og etterretningsinnspel lenge, så det kommisjonen gjer, er berre å påpeike misforholdet mellom situasjonsskildringa vi opererer med, og den faktiske innsatsen og ressursbruken på Forsvaret.

– Kva er det mest alvorlege kommisjonen peikar på?

– Det er føreslege 30 milliardar kroner meir med det same for å dekkje det gapande behovet og manglane i Forsvaret når det gjeld basisting som ammunisjon, reservedelar, lager og personell – altså det Forsvaret treng for å verke som det er tenkt. Underforstått: Forsvaret verkar ikkje i dag.

– Korleis ville vi klare oss om nokon går til åtak på Noreg no?

– Ein stor invasjon står ikkje fram som så truleg no når russarane brukar ressursane i Ukraina. Men det kan tenkjast at den noverande situasjonen spinn ut av kontroll. Då kan det vere snakk om missilåtak og luftåtak, til dømes, og luftvern er noko kommisjonen seier står særleg svakt. Mellom linene ligg det ein klar kritikk av mangel på kriseerkjenning hjå både styresmakter og befolkning.

– Det indikerer òg at politikarane har sove i timen i fleire tiår. Kva for konkrete trugsmål og utviklingstrekk er det respondert for lite og for seint på?

– Det generelle tryggingsbiletet forverra seg mykje etter 2014 og annekteringa av Krym, men for så vidt også i 2008, då Russland gjekk til åtak på Georgia. Så alle parti som har vore i regjering eller hatt ein finger med i forsvarspolitikken dei siste ti åra, er delaktige. Det er ikkje slik at det ikkje har skjedd noko, men det har ikkje skjedd nok.

– Forsvarskommisjonen er politisk, med medlemmer frå dei fleste partia. Kva kan vi vente oss av oppfølging?

– Dette er fjerde forsvarskommisjon sidan krigen, og det er vanleg at kommisjonane får eit visst – nokre gonger også monaleg – gjennomslag. Samstundes er det ikkje så vanleg at kommisjonar føreslår ei så drastisk opptrapping som no.

– Den førre forsvarskommisjonen la fram ein rapport like etter den kalde krigen, men slo fast at behovet for å kunne sikre Noregs integritet og suverenitet ved bruk av militære middel var vedvarande. I kva grad fekk den kommisjonen gjennomslag?

– I stor grad. Problemet var at planane fort krasja med dei økonomiske realitetane og nesten førte til kollaps av Forsvaret, som igjen utløyste ei reform. Det fanst òg fleire gode grunnar til ei reform. Forsvaret vi hadde under den kalde krigen, var jo ikkje supert heller. Men noko forsvann ut på vegen. Den store fordelen no er likevel at røyndomsforståinga og problemskildringane til kommisjonen er i tråd med det vi har høyrt frå regjeringa og Forsvarsdepartementet frå før.

– Satsinga regjeringa varsla tidlegare denne veka, inneber likevel ikkje meir enn 3,8 milliardar kroner meir på forsvar i året, noko som verkar både smått og utilstrekkeleg jamført med det kommisjonen føreslår.

– Ja, det er eg samd i, sjølv om 4 milliardar er langt frå småpengar i dei fleste andre samanhengar. Samstundes syner satsinga at regjeringa tek problemstillingane på alvor. Men dei politiske løysingane så langt har ikkje vore i samsvar med problemforståinga.

– Dersom satsinga forsvarskommisjonen tilrår, vert gjennomført, vil det bety sterke innsnevringar i ressursbruken elles i samfunnet. Er trugsmålet om invasjon så stort at det bør satsast på kostnad av alt anna?

– Dersom tilrådingane vert følgde, vil forsvarsbudsjettet vårt om lag verte dobla frå i dag og utgjere meir enn 8 prosent av statsbudsjettet, mot 4,3 prosent i dag. Då er det framleis 92 prosent att. Under den kalde krigen utgjorde forsvarsbudsjettet langt meir, opp mot 12–15 prosent av statsbudsjettet. Det kommisjonen seier, er at den relative prioriteringa av forsvar og tryggleik for lenge har lege på eit nivå ein berre kan tillate seg når det ikkje ligg føre noko som helst trugsmål.

– Kva er det største trugsmålet mot Noreg no?

– Kommisjonen peikar på Russland som den dominerande faktoren i tillegg til aukande konkurransen mellom demokratiske og autoritære statar. FN og den regelbundne ordenen står på spel, og den er eit lite land som Noreg svært avhengig av. Samstundes er vi svært avhengige av USA, som framover kan verte oppteke på andre kantar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis