Forsøk på å forstå eit distriktsopprør
Folk reiser seg i kamp mot vindmøller på fjella, ulv i skogen og tenestetilbod som vert fjerna. Opprøra er ulike, men ser ut til å ha minst éin ting til felles.
Anja Cecilie Solvik og Bunadsgeriljaen demonstrerte i Oslo i mai 2019 mot kutt og nedleggingar i pasienttilbodet i distrikta. Aksjonen vart berre ein av fleire aksjonar som fekk merkelappen distriktsopprør fram mot lokalvalet same år. Biletet er også brukt på framsida av den ferske boka. Anja Cecilie Solvik og Bunadsgeriljaen demonstrerte i Oslo i mai 2019 mot kutt og nedleggingar i pasienttilbodet i distrikta. Aksjonen vart berre ein av fleire aksjonar som fekk merkelappen distriktsopprør fram mot lokalvalet same år. Biletet er også brukt på framsida av den ferske boka.
Foto: Ryan Kelly / NTB scanpixFoto: Ryan Kelly / NTB scanpix
Midt i ein koronapandemi som råkar hardt, er det under eit år til neste stortingsval. Resultatet av kommune- og fylkestingsvalet i fjor kjenner vi. Det som vart omtala som bompenge-, distrikts- og klimaopprør, stal showet i valkampen.
Kampsaker i distrikta dreidde seg om så ulike ting som eigarskap til fisken i havet, nedlagde lensmannskontor, forsvarsverksemder og statlege arbeidsplassar, kamp mot vindmøller, ulv og kommunesamanslåing.
Reaksjonane førte til i eit rekordresultat for den tydelegaste opponenten, Senterpartiet, ei hending som berre vart overskugga av det djupe fallet til Arbeidarpartiet. Med framgang for partiet Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne gjekk heile venstresida fram, medan alle dei fire partia som då sat saman i Solberg-regjeringa, gjekk tilbake.
Kampen mot sentralisering og overstyring har den siste tida kome i skuggen av korona og dei interne problema i Arbeidarpartiet. Høgre har på landsbasis vorte meir populært blant veljarane att. Arbeidarpartiet misser veljarar, sjølv i dei raudaste bastionane, medan Senterpartiet ligg høgt, trass i nedgang på målingane i 2020 samanlikna med 2019.
I veka som gjekk, kom fleire nyhende som stadfestar at Senterpartiet har etablert seg som ein svært sterk maktfaktor i innlandet og i nord. Den 10. september viste ei In Fact-måling i Nordlys og andre lokalaviser i nord at Senterpartiet er større enn Arbeidarpartiet i Nordland og svært nær i storleik i Finnmark og Troms. Den 12. september viste ei Sentio-måling for Hamar Arbeiderblad at Senterpartiet var gått forbi Arbeidarpartiet som største parti i Hedmark. Den 15. september viste ei Norstat-måling for NRK og Adresseavisa at Senterpartiet er det største partiet i Nord-Trøndelag.
«Protesten i nord har slått rot, og uten at den kommes i møte med lydhør og aktiv politikk, kommer den til å vare også etter stortingsvalget i september neste år», skriv politisk redaktør i Nordlys Skjalg Fjellheim.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.