Forsikring mot uårNye typar tilpassingar vil gjere matforsyninga mindre sårbar og gagne både næringsmiddelindustri, varehandel og forbrukarar.

Nye typar tilpassingar vil gjere matforsyninga mindre sårbar og gagne både næringsmiddel­industri, varehandel og forbrukarar.

Langvarig tørke gjev dårlege avlingar i år. Her frå Algarheim i Akershus.
Langvarig tørke gjev dårlege avlingar i år. Her frå Algarheim i Akershus.
Publisert

Og så kom regnet… Bjørnsons skildring av ein langvarig tørke var ein gong barnelærdom: «Regn, regn! Hele naturen stod sturen.»

Nordsjø-tørken i 2018 er heldigvis avhjelpt til ein viss grad, men debatten om beredskapslager bør ikkje tørke inn. Ingen fare, seier matministeren, marknaden har nok, berre vi unngår proteksjonisme – det vil seia at dei som kan kjøpe, får kjøpe. Etter prissjokka på kveite og soya i 1974 vart offentlege lager diskutert i USA, men bransjen sa at dei hadde lager nok. Senator George McGovern sa at dette var å misforstå rollene. Marknaden vil selje når prisane er høgast, medan lager er til for at samfunnet skal unngå prishopp. «Eit lager i private hender er ikkje noko lager i det heile.»

Geopolitisk maktfaktor

Og proteksjonisme må ein rekne med. Korn er ein – ofte usett – geopolitisk maktfaktor. Alliansar og forsyningar skiftar. At landa frå Nord-Afrika til Sentral-Asia er eit kronisk underskotsområde for kveite, opnar for politisk dominans. Frankrike forsyner dei gamle koloniane sine. Eit nær sjølvforsynt land som Tyrkia – og før krigane i Irak og Syria – er også uavhengig politisk. Egypt, verdas største kveiteimportør, skal ha minst tre offisielle kornstatistikkar, men berre den øvste leiinga veit dei reelle. Russland er no den største leverandøren, etter at dei i 2012 skvisa Morsi-styret frå makta. Nyleg stengde det amerikanske kornkontoret i Egypt, etter mange år.

Korn, såfrø og såkornlager må bli bygde i gode år, for når dårlege år råkar mange samtidig, er det for seint. Eller veit vi eigentleg det? Pussig nok har få simulert slike kriser. Eit unnatak er forsikringsselskapet Lloyd’s. Rapportane Feast or Famine (2013) og Food System Shock (2015) ser for seg seks samanfallande uår. Fem av dei har dei siste 25 åra skjedd kvar for seg på grunn av vêrfenomenet El Niño.

Fleire uår

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement