GRØNLAND
Forhold på frysepunktet
Ein amerikansk påverknadsaksjon. Ei dansk orsaking. Eit havvindprosjekt lagt på is. Danmark er stadig fanga i ein storpolitisk krysseld.
Forholdt mellom den danske statsministeren Mette Frederiksen og den amerikanske presidenten Donald Trump er spent.
Foto: Mindaugas Kulbis / AP Photo/ NTB / Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
Dansk Radio (DR) serverte onsdag 27. august nyhende som spreidde seg internasjonalt: «Centrale kilder: Mænd med forbindelser til Trump forsøger at infiltrere Grønland.» Innpakkinga var ikkje mindre dramatisk. Ein fotomontasje viser skuggane av tre menn lagde over eit fotografi av eit bustadområde i hovudstaden Nuuk.
Skuggane illustrerer tre amerikanske menn som – ifølgje sentralt plasserte kjelder i Danmark, på Grønland og i USA – har utført hemmelege påverknadsaksjonar på Grønland. Ein av dei skal ha komme for å utarbeide ei liste med namn på grønlendarar som støttar den amerikanske presidenten Donald Trumps prosjekt om å ta over Grønland. Lista skulle nyttast som utgangspunkt for å rekruttere grønlendarar til ei separatistrørsle.
Dansk Radio har ikkje fått avklart om amerikanarane har arbeidd på ordre eller på eige initiativ. Men dei tre mennene vert, skriv DR, følgde tett av både danske styresmakter og regjeringstoppar.
I Danmark reagerte regjeringa kjapt. Alt same dagen vart USAs toppdiplomat i Danmark, Mark Stroh, kalla inn til samtale i det danske utanriksdepartementet, der også ein grønlandsk representant var til stades. Bodskapen var klar: Kongeriket Danmark forventar respekt. Den grønlandske regjeringsleiaren Jens-Frederik Nielsen framførte den same bodskapen: Forsøk på å infiltrere Grønland er respektlaust.
Det kom inga orsaking eller forklaring frå amerikansk hald. USA respekterer retten det grønlandske folk har til å avgjere si eiga framtid, lydde kommentaren frå utanriksdepartementet, som la til at styresmaktene ikkje styrer kva amerikanske privatpersonar gjer.
Fleire avsløringar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.