Kommentar

Forgard i nord

Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?

Publisert Sist oppdatert

Då Donald Trump utnemnde den nye ambassadøren til Danmark, kunne Trump «ikkje utelukke» at USA kan kome til å nytte makt, inkludert militærmakt, for å sikre USA kontroll over Grønland. Trump kom samstundes med utsegner om å ta over Panamakanalen i sør og å annektere Canada. Både Canada og Grønland «vert forsvarte av det amerikanske militæret», minte Trump om. Tenk om Canada og Grønland kan bli del av USA, filosoferte den komande sjefen for verdas største militærmakt vidare.

Like før hadde Grønland opna sin første flyplass med direkte linje til utlandet. Trumps eigen familie testa flyplassen tidleg. Med den turen framstod Trump plutseleg som ein eigedomsmagnat som sender familien i veg for å sjekke ut ei mogeleg investering. Er det Trump, eigedomsinvestoren med familie, som har fått auga opp for nye lukrative forretningseventyr når temperaturen i nord aukar og lukrative mineral dukkar opp frå isen som smeltar?

Amerikanske interesser

«Trump må ikkje takast bokstavleg», var omkvedet frå rådgjevarane hans i Washington, «men han må takast på alvor», kvitterte den danske utanriksministeren. For små skandinaviske land med store interesser i Arktis, men utan militær kapasitet til å verne områda i nord om det skulle dra seg til: Kva inneber det eigentleg å «ta den komande amerikanske presidenten på alvor» når han minner om at det er USAs militærmakt som vernar Grønland, og at han ikkje vil utelukke bruk av makt her?

Den mest nærliggjande tolkinga er at Trump, forhandlaren, er attende med brask og bram. Anneksjon av Canada er utspel før reforhandlingar av handelsavtalar med Ottawa, og alt dagen etter viste dei vilje til kompromiss her. Panama-trugsmålet skal handle om pågåande diskusjonar om prisen for at amerikanske skip seglar gjennom kanalen, medan utspelet om Grønland signaliserer tunge amerikanske interesser i sjeldne mineral der. Samstundes er det ei oppmoding om å halde kinesarane på armlengds avstand.

I form er Trump rå, brutal og transactional, men innhaldet dreier seg om amerikanske interesser, og mykje er likt det Biden signaliserer. Kaffi i halsen-opplevinga var berre ei påminning om det vi alle veit kjem etter 20. januar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement