JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Forfattarforeininga orsakar

17 andre norske forfattarar vert bedne om orsaking for urettvis handsaming i krigsoppgjeret – 73 år etter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Hol bygdearkiv

Foto: Hol bygdearkiv

1494
20181116
1494
20181116

Litteratur

mone@dagogtid.no

Etter andre verdskrigen vart forfattar Olav Sletto dømd til å betale attende diktargasjen han hadde fått av okkupasjonsmakta. André Bjerke vart skulda for å ha jobba for eit nazivenleg forlag i lag med faren Ejlert. Forfattarane fekk forbod mot å publisere, dei vart ekskluderte frå forfattarforeininga i eitt år og namna deira vart skjemde.

Torsdag 15. november markerte Den norske Forfatterforening (DnF) 125 år. Jubileet opna med ei offentleg orsaking til 17 forfattarar.

– Det er verkeleg på tide med ei orsaking, sa leiar Heidi Marie Kriznik i forfattarforeininga til NTB.

Olav Sletto gav ut fleirbandsverk i ulike sjangrar, og i 1923 skipa han Romerike folkehøgskule på Årnes. Han var skulestyrar fram til krigen.

«Sletto såg (...) det helvete som var i emning under fyrste verdskrigen. I 1914 ga han ut boka Um Tyskland, der han uroa seg for at industrialisering og militarisering i Tyskland undergrev landet som kulturnasjon», skriv historikar og leiar for Sletto-selskapet, Eva Almhjell.

Historikar Lars Reinton, mellom andre, søkte om diktargasje for Sletto i 1939, men okkupasjonsmakta stod for både vedtaket og utdelinga i 1942. Sletto vart dømd for «unasjonale haldningar».

André Bjerke og faren vart dømde for å ha omsett Johan Ludvig Runebergs Fenrik Ståls sanger på J.M. Stenersens forlag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis