Sideblikk
Førehandsklokskap er alltid best
Dårleg førebudd, men stod til eksamen. Veksttakten i kritikken av regjeringa vil auka.
Koronakommisjonsleiar Stener Kvinnsland la fram rapporten for statsminister Erna Solberg, helseminister Bent Høie, justis- og beredskapsminister Monica Mæland og pressa på Statsministerens kontor i Oslo onsdag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Granskingsutval, undersøkingskommisjonar og følgjeforsking kan aldri driva eksakt vitskap med to strekar under svaret. Evalueringsrapportar er lette å avskriva som etterpåklokskap, men den slags skal ein ikkje forakta, for det kan ligga mange «læringspunkt» der. Men det er alltid betre med førehandsklokskap, beredskapslagra kunnskap, praktisk øving og ajourførte kart over handlingsrommet.
I 20–30 år har det ikkje vore mangel på utgreiingar, scenario, planar, råd og forslag til tiltak om kva som bør gjerast for å førebu samfunnet på sannsynlege pandemiar, frå WHO og nasjonale fagmiljø. Beredskapsplanar er laga, men få minnest kvar dei er lagde, når ein kunne ha bruk for dei. Framstegspartiet hadde faktisk ein eigen statsråd for samfunnstryggleik og beredskap, men Ingvild Smines Tybring-Gjedde var meir opptatt av ulike måtar å sjå teaterstykke på.
BYRÅSJEFEN har vore med på fleire slike rundar i Forvaltninga, og dei har alltid følgt same mønster: Det blir understreka at arbeidet er særs viktig, og at resultata og tilrådingane er høgt verdsette. Men ingen ansvarlege har hatt mot eller tyngde til å setta worst case høgt på dagsordenen, for kva med kostnadene og samfunnsnytten av noko så usikkert? Det må vera sløsing å førehandslagra verneutstyr når ein lever i den globale marknadstrua på at det kan skaffast just-in-time.
Når det kjem til stykket, er det alltid dagsoppgåvene som kjem først. Så får ein heller lita på at naud lærer nakne styresmakter å spinna, og at regjeringa kan bauta seg fram i ukjent og skiftande farvatn. Byråsjefen meiner at ein heller burde ha tenkt betre gjennom og øvd på førehand på kva ein skal tenka på og gjera når situasjonen er der.
POLITISK UAVHENGIGE granskingskommisjonar er eit offentleg gode, men det er tosidig. Det viser vilje til å la seg gå kritisk etter i saumane, læra av feil og utvikla ny kunnskap og betre praksis. Men på den andre sida kan det vera eit forsøk på å vika unna ansvar ved å dekonstruera administrative og politiske prosessar.
I firaren med FHI, Hdir, Legemiddelverket og HOD skal Bent Høie vera førstestyrmann med Erna Solberg som skipper på bakvakt. Dei politisk ansvarlege kan ikkje fråskriva seg ansvar, men må skjøna og handla frå time til time og møte til møte når situasjonen krev det, sjølv om det er mange ukjende faktorar og sprikande råd og ein ikkje har full oversikt over stoda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.