Kommentar I KI og utdanning
Føre var før det er for seint
Kunstig intelligens er på veg inn i samfunnet og i skulen. Det opnar for grunnleggande spørsmål som det vil ta lang tid å svare på. Kva gjer me i mellomtida?
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på valkampturné i Larvik 29. juli 2025. Her spelar han inn ein video som skal delast på sosiale medium. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Ole Berg-Rusten
Skulesemesteret er i gang. Det betyr
bruk av tradisjonelle og digitale læremiddel. Det betyr spørsmål til ChatGPT,
Claude, Gemini og dei andre KI-assistentane som både lærarar og elevar tek i bruk.
Det betyr òg debatt om kva rolle kunstig intelligens (KI) bør og ikkje bør
spele i læring og vurdering.
KI-inntoget i utdanninga kjem medan
me framleis prøver å handtere utfordringane med skjerm og sosiale medium. Det er
mykje på ein gong. Berre om lag 15 år etter at sosiale medium byrja å herje med
kvardagen og hjernane våre, får me generativ KI kasta i andletet.
Ein skulle tru at soga om vår
teknologiske tidsalder blir skriven av ein forfattar med særs mørk sans for
humor. «No har dei akkurat byrja å summe seg etter 15 år med sosiale medium…
la oss sjå korleis dei klarar seg når KI kjem på banen! Lykke til, barn og unge!», seier han til seg sjølv og humrar.
Men, er timinga så dårleg som ho
synest?
Dårlig timing
Eit kjenneteikn ved tida vi lever i, er
at me har vore gjennom fleire djuptgripande sosiale og teknologiske endringar. Digitalisering
av arbeid, skule og fritid (ikkje minst) har gjort at skjermar no er overalt. Sosiale
medium har endra vilkåra for sosialt samkvem, spesielt blant unge, og velta om
balansen mellom menneskeleg nær- og fjernkontakt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.