ForbrukarfanatismenFleire franske kundar betalte med blod for sjokoladepålegg førre veke. Den første gongen eg smakte Nutella, var eg 13 år. Den franske kjærasten til far min hadde fått ei stor kasse brødvarer, pålegg og snop frå heimlandet, i høvet brylla

Fleire franske kundar betalte med blod for sjokoladepålegg førre veke.

Ein million 950 grams glas med Nutella vart lagde ut for sal med 70 prosent rabatt over heile Frankrike førre veke.
Ein million 950 grams glas med Nutella vart lagde ut for sal med 70 prosent rabatt over heile Frankrike førre veke.
Publisert

Den første gongen eg smakte Nutella, var eg 13 år. Den franske kjærasten til far min hadde fått ei stor kasse brødvarer, pålegg og snop frå heimlandet, i høvet bryllaupet deira same helg.

– Eg og syskenbarnet mitt åt ofte loffskiver med Nutella når vi var saman som born, fortalde ho meg då eg fekk smake på den brune, søte massen.

Det var den største krukka med sjokoladepålegg eg nokon gong hadde sett, og sjølv om eg skulle vere kul og urørleg tenåring, bestemte eg meg raskt for at det smakte ti gonger betre enn Nugattien i skapet.

– Kan eg få ei skive til, spurde eg, slikka bort smulane i munnvikene og passa på å sjå så likesæl ut som eg berre kunne få til.

Førre veke fekk franske kundar høve til å kjøpe slike Nutella-krukker med 70 prosent rabatt, for om lag ti norske kroner stykket. Det enda i blodige slagsmål og kaos mellom hundrevis av franskmenn over heile landet. Politiet måtte tilkallast. «Nutella riots» kalla nettstaden National Public Radio oppstyret. Og i Noreg lurte TV 2 i ein artikkel på om franskmennene kunne vere litt for glade i pålegget. Hasselnøtt- og sjokolademassen fekk til og med sitt eige frimerke i høve 50-årsjubileet i 2014.

Men, tenkte eg, er dette verkeleg grunn nok til å vilje skrelle huda av knokane mot naseryggen til sidemannen i butikken?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement