JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

For vår og deira fridom

Måndag svara Putin på eksplosjonen på Krym-brua med å bombe bustadblokker, leikeplassar og sivil infrastruktur over heile Ukraina.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oleksandra Matvijtsjuk ved Senter for sivile rettar på pressekonferansen i Kiev 8. oktober. Ho kvitterer for Nobelprisen med eit gamalt dissidentslagord: «For vår og deira fridom».

Foto: Vladyslav Musiienko / Reuters / NTB

5660
20221014
5660
20221014

Tilbake til februar, tilbake i bombehola under jorda, skreiv ein menneskerettsforkjempar vi jobba saman med på Facebook same dag. Eg vart òg tatt attende til dei fyrste vekene etter at Russland sette i gang sin fullskalakrig mot Ukraina, då vi brukte morgonane på å finne ut kvar partnarane våre oppheldt seg, og om dei var trygge.

Etter at eg hadde sendt fleire meldingar for å høyre om Oleksandra Matvijtsjuk, leiaren for Senter for sivile rettar, planla å dra frå Kyiv etter 24. februar, skreiv ho til meg at ingen i staben hennar planla å forlate hovudstaden. Dei blei i Kyiv gjennom vinteren.

Oleksandras fyrste reise ut av landet gjekk til Oslo Freedom Forum og Wexfo på Lillehammer i slutten av mai. Det var ein sliten menneskerettsforkjempar som møtte oss, men bodskapen hennar var klar: Om ikkje dei internasjonale mekanismane klarte å stoppe krigen, måtte vi etablere nye. Oleksandra vegra seg ikkje for å seie kva ho meinte. Sidan mars hadde senteret hennar i samarbeid med andre organisasjonar dokumentert krigsbrotsverk under ein koalisjon med namnet «Tribunal for Putin».

Kritiske røyster

På fredag fekk Senter for sivile rettar telefonen om at dei var tildelt Nobels fredspris saman med Memorial og den belarusiske menneskerettsforkjemparen Ales Bjaljatski frå organisasjonen Viasna. Det tok ikkje lang tid før dei fyrste kritiske røystene dukka opp i Ukraina. Dei meinte at å gje prisen til ein ukrainsk organisasjon saman med to representantar frå nabolanda som hadde gått til åtak på Ukraina, ikkje var innanfor.

Fleire ytra at dei såg på prisen som eit patetisk forsøk frå Vesten på å fremje brorskap mellom nasjonane midt i ein brutal krig. At korkje russiske eller belarusiske organisasjonar hadde makta å organisere motstand mot krigen, vart òg gjenteke i kommentarar på sosiale medium.

Senter for sivile rettar svara at organisasjonane Viasna og Memorial ikkje representerte Russland eller Belarus. Tvert imot var dei dei fyrste til å protestere mot regima. Dei minte om at Memorial vart etablert som ei historisk rørsle som dokumenterte Sovjetunionens undertrykking, tortur og drap. Likevel var det òg representantar frå den tidlegare leiinga i Memorial som kjende på same bismak: Det er ikkje lett å snakke om Nobels fredspris når byane i Ukraina er under massive åtak, skreiv tidlegare styreleiar Aleksandr Tsjerkasov på Facebook måndag 10. oktober. Same dag publiserte Memorial ei ytring der dei slo fast at Russland var ansvarleg for krigsbrotsverk med si målretta bombing av sivile mål i ukrainske byar.

Nobelprisvinnarane Oleg Orlov og Jan Ratsjinskij i den russiske menneskerettsorganisasjonen Memorial.

Foto: Shamil Zhumatov / Reuters / NTB

Russlands samvit

Memorial synte atter ein gong at dei bar Russlands tapte samvit. Det var i si tid tittelen på den norske utgåva av ei bok med artiklar av journalisten Anna Politkovskaja som kom ut før ho blei drepen. Politkovskaja åtvara mot den retninga Putins Russland var på veg, og meinte at krigen i Tsjetsjenia ville spreie seg om ikkje verda reagerte.

Den anerkjende journalisten arbeidde tett med Natalja Estemirova, leiaren av Memorials kontor i Groznyj, om å avdekkje menneskerettsbrota som peika mot leiaren av republikken, Ramzan Kadyrov. Tre år etter at Anna Politkovskaja blei drepen, blei liket til Estemirova funne dumpa i ei grøft ein halvtime unna Groznyj.

Ales Bjaljatski hadde ikkje sjølv protestert mot krigen fordi han vart fengsla åtte månader før Putin gjekk til åtak. Sidan har vi og omverda knapt høyrt frå han. Men organisasjonen han leier, sender ut månadlege rapportar om kor mange som er arresterte for å ha ytra seg mot regimet i Belarus eller mot krigen i Ukraina. I august blei ein artist arrestert etter å ha framført ukrainske songar på ein bar i Minsk. Bareigaren blei ført bort same natt.

For meg var det sterkt å delta på ei markering framfor den russiske ambassaden i Vilnius for nokre veker sidan saman med ukrainarar og belarusarar. Det belarusiske journalistlaget, Menneskerettshuset og Viasna var blant arrangørane. Her stod belarusarar og ukrainarar saman bak banneret «Stop Putin».

Fleire av belarusarane som var til stades, hadde sjølv, på grunn av undertrykkinga i heimlandet, flykta over grensa til nabolandet Ukraina. Nokre oppheldt seg der då Putin starta krigsoffensiven, og måtte flykte for andre gong.

Nobelprisvinnar: Ales Bjaljatski fotografert ute av fengselet i 2014. No sit menneskerettsaktivisten  fengsla på nytt i Minsk.

Foto: Marina Serebryakova / Reuters / NTB

Sivilsamfunn-rolla

Senter for sivile rettar veit kva kollegaene i Belarus og Russland har stått i.

– Dette handlar ikkje om soga om at vi er representantar for ulike nasjonar. Det handlar om eit mykje eldre slagord, sa Oleksandra Matvijtsjuk i appellen ho heldt etter kunngjeringa av prisen.

Framfor seg heldt ho ein plakat med det gamle dissidentslagordet «For vår og deira fridom».

I statsbudsjettet som nett er lagt fram, har regjeringa oppretta ein eigen post for støtte til Ukraina. Han skal blant anna brukast til humanitært arbeid, sikre godt styresett og gjenoppbygging av Ukraina. I motsetning til Nobelkomiteen har regjeringa ikkje funne det viktig å løfte fram rolla til sivilsamfunnet i prioriteringane sine for 2023.

Om det er éin ting Senter for sivile rettar er eit døme på, så er det kor viktig innsatsen til sivilsamfunnet og organisasjonslivet er i Ukraina. Ikkje berre for å dokumentere krigsbrotsverk, men for innsatsen for å fremje respekt for menneskerettar og påverke Ukraina til å innføre reformer som har tatt landet i demokratisk retning.

Ane Tusvik Bonde er seniorrådgivar i Human Rights House Foundation og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I motsetning til Nobelkomiteen har regjeringa ikkje funne det viktig å løfte fram rolla til sivilsamfunnet i prioriteringane sine for 2023.

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis